Lokal | 04. apr. 2015

Stor interesse for heimebrygging

– Heimebrygging har tatt heilt av dei siste åra, fortel ølentusiast og øl-dommar Tarjei Skeie, som her gjev deg tips om også du vil prøva å laga øl.

Stor interesse for heimebrygging
Tarjei Skeie med noko av utstyret du treng, ein god kjele og gjæringskar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 04. apr. 2015 07:24

Oseana inviterer til ølfestival i juni, kor heimebryggarane skal få moglegheiten til å få vurdert sommarølet sitt.

Midtsiden har tatt ein prat med ølentusiast og ivrig heimebryggar Tarjei Skeie.

– Det er heilt suverent at Oseana har tatt dette initiativet. Gangavstand er alltid flott. Det er ingen grunn til at dette ikkje skal bli ein sukess.

– Når dei klarer å laga ølfestival annakvart år på vesle Nærbø, så bør det vera mogleg å få til det her på Os òg, seier ein entusiastisk Skeie, som har reist land og strand rundt på tilsvarande festivalar.

Øl har store variasjonar

Skeie er, ikkje overranskande, full av entusiasme for øl og ølfestivalar.

– Det som kjenneteikner ein god ølfestival er møte med trivelege folk med låge skuldre. Du får smaksprøvar av foreskjellige produkt og gjennom det eit innblikk i det utrulege spennet i smak som er innan øl.

– Det finst knapt ein drykk som har større variasjonsmoglegheiter enn det øl har, frå lyst og leskande til mørkt og maltig eller grumsete kveiteøl, krydra med appelsinskal.

– Kva er din favoritt?

– Det er det ølet eg til ei kvar tid har i glaset. Du merkar fort om det er godt brygga.

– Eg må innrømma at eg ikkje har særleg sans for det masseproduserte lyse ølet som er laga for å ikkje ubehaga nokon.

– Det er utruleg flinke folk som lager det ølet òg, men produktet tykkjer eg ikkje er noko spennande, seier Skeie.

Ei enorm auke

Sjølv starta Skeie med å brygga øl for om lag seks år sidan.

– I løpet av dei åra har interessa auka enormt.

– Då eg starta var det cirka 1500 registrert på forumet til Norbrygg, no er det nesten tidobla. Det meiner eg er ein god indikator på interessa, fortel ølentusiasten, som varmt anbefalar forumet om ein ønskjer tips og råd.

Eit besøk på forumet viser over 25 000 trådar med over 273 000 innlegg frå vel 12 000 medlemmar.

– Eit anna eksempel på interessa er korleis butikken Vestbrygg har utvikla seg i løpet av desse åra.

– Frå å starta med nokre paller med malt på Danmarksplass har dei no fire tilsette i butikken på Wergeland.

– Dei har utuleg mykje å seia for miljøet, forklarar Skeie.

Du kan framleis delta

Skeie er klar på at det ikkje er for seint å koma i gang om du vil delta på festivalen på Oseana.

– Kor lang tid det tek avhenger av styrken og kor mykje malt du nyttar. Alt frå éi til fire veker gjæring er vanleg.

– Etter at du har tappa det over på flasker så tar det ei veke eller to før det er drikkeklart.

– Kva er det viktigaste å passa på?

– At alt er reinsleg! Du må vera nøye med å desinfisera alt utstyret du nyttar. Dei einaste «baseluskane» du vil ha er dei som du sjølv tilset.

– For å få til eit godt øl er det spesielt to ting som er viktig; reingjering og gjæring.

– Får du dette på plass, så lager du stort sett eit godt øl.

Dette treng du

Midtsiden har bedt Skeie lista opp kva utstyr ein treng.

  • Ein stor kjele (sjølv nyttar han no ein 10-liters kjele. – Det skal jo drikkast òg)
  • Silpose
  • Kjøler
  • Gjæringskar
  • Tomflasker
  • Korketang
  • Hevert
  • Vaskemiddel til desinfisering og vask.

– Søk opp Norbrygg, som er foreninga for heimebryggarar eller vestbrygg på nettet.

– Der vil du kunna plukka opp mange nyttige tips for å koma i gang, avsluttar ølentusiasten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.