Gårsdagens panel klar for start i Vognhallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Svakt oppmøte - sterkt panel

Denne undersøkinga danna grunnlaget for gårsdagens paneldebatt.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag kveld arrangerte Os Næringsråd paneldebatt i kulturstova i Vognhallen.

Debattantane: Jan Helge Corneliussen (TvS), Magne Rommetveit (Ap), Harald Lekven (Sp), Knut Børgesen (MDG), Glenn Erik Haugland (V), Pål Krabø (KrF), Ove Trellevik (H) og Espen Aspenes (Frp).

Før debatten starta fekk olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) halda eit innlegg.

• Les vårt referat frå innlegget

Debatten blei leia av Midtsiden-journalist Andris Hamre. Han hadde fått tema av arrangøren, men sto for manus sjølv.

– Vi er veldig nøgde med måten Hamre leia dette på, både med spørsmåla og styring av replikkar, seier styreleiar og styremedlem Fredrik Schmidt Fotland og Anders Hjelle i Os Næringsråd.

Presenterte tal for Os

Hamre tok utgangspunkt i ei undersøking gjennomført av Næringsalliansen i Hordaland i sommar. Innleiingsvis fortalte han dette om korleis næringslivsaktørar i Hordaland har svart.

• 74,2 % seier det går som venta eller betre
• 77,1 % seier at den økonomiske utviklinga ser ut til å bli som i 2016 eller betre
• Heile 62,9 % seier at dei planlegg for auka aktivitet i 2018
• 65,7 % seier dei ventar å ha same tal tilsette i 2018 som i dag
• 31,4 % reknar med å ha fleire tilsette i 2018

Han presenterte òg tal frå undersøkinga til kvart dei tre emna som blei debattert, formueskatt, klima og samferdsle.

Lite publikum

Debatten blei god, med snev av temperatur i periodar, og med fleire humoristiske kommentarar. Lokalpolitikarane frå Os klarte seg bra mot meir erfarne representantar.

Før debatten starta var det knapt eit ledig sete i den vesle salen, men dei fleste av publikum er aktive lokalpolitkarar sjølv.

– Eg er glad for dette initiativet frå næringsrådet og gler meg til å høyra på, sa Ann-Elin Lepsøe frå Ulvenparken AS før start.

– Er det noko tema som du er spesielt interessert i?

– Det er mange tema som vedgår næringslivet og ser fram til å sjå kva kvar enkelt har av synspunkt på alle desse. Men eg er naturlegvis mest interessant i det som vedgår oss i Os.

Dette panelet hadde fortent eit større publikum.

Midtsiden kjem med referat frå kvart tema i eigen sak.