Lokal | 04. okt. 2016

Svarte på spørsmål om fråvær

Dei nye fråværsreglane var eit heitt tema då Os vgs hadde foreldremøte. Foreldra fekk oppklarande svar.

Svarte på spørsmål om fråvær
Harald Natvik orienterte foreldra til elevane ved Os vgs om fråværsreglane og praksis ved skulen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. okt. 2016 07:57

Den nye fråværsgrensa på 10 prosent var eit av punkta som leiinga ved Os vidaregåande skule informerte om då det torsdag kveld var foreldremøte i kantina.

– Dette er noko vi ikkje har bedt om frå vår skule. Vi har berre 3,7 prosent fråfall, enkelte andre skular i Noreg har nesten det tidoble, sa Harald Natvik.

Natvik er lektor og har jobba ved Os vgs sidan 2012 etter tre år ved Knarvik vgs og Os Gymnas. Han har overtatt som elevinspektør etter Ann Haugland og er ressursteamleiar, administrator for studieverkstaden og del av leiargruppa ved skulen.

– Men om dette får færre til å droppa ut av skulen så er det eit bra tiltak, la han til.

10 eller 15 prosent?

At samtalar med rådgjevar, møter med elevråd, oppmøte på sesjon og innsats i politisk arbeid ikkje gav fråvær, såg ut til å vera kjent for foreldra.

Nokre punkt kunne vera litt forvirrande, men Natvik fekk det likevel klart fram:

– Fråværsgrensa er ikkje 15 prosent, men 10 prosent.

– Men det er rett at skulen kan, ved spesielle tilfelle, likevel gje karakter om eleven for eksempel har 12,5 prosent eller tettare på 15 prosent udokumentert fråvær.

Det er i så fall snakk om elevar som er i ein spesielt vanskeleg situasjon som førte til fråvær og gjorde det vanskeleg å dokumentera dette. Eksempel kan vera vanskelege forhold i heimen, kristiske hendingar eller eigne rusproblem.

– Er mengda udokumenter fråvær over 15 prosent kan skulen uansett ikkje gjera noko, då har dei rett og slett ikkje lov å gje vurdering (karakter) i faget.

Vitnemålet og prosenten

Eit anna punkt, som også lærarane i starten måtte halda tunga beint i munnen for å forstå, var kva som går på prosenten og kva som kjem på vitnemålet.

– Du kan vera sjuk ein dag og ha dette dokumentert. Då vil den ikkje telja på prosenten. Men du har likevel vore vekke denne dagen og fråværsdagen kjem på vitnemålet.

Unntaket er om du er sjuk meir enn tre dagar på rad, då kan du få inntil ti dagar fjerna frå vitnemålet.

– Om du er sjuk i fem dagar, og har dokumentasjon på sjukdomen, kan du få sletta alt utover tre dagar, altså i dette tilfellet to dagar. Du får tre dagar fråvær, men ingenting av dette går på det som tel opptil 10 prosent.

Unntaket her er kronisk sjuke. Dei som kan dokumentera kronisk sjokdom, psykisk eller fysisk, kan få sletta fråvær frå dag éin, dei treng ikkje «venta» til dag fire.

Kjem fort i faresonen

Natvik fortalte vidare at kvar lærar har plikt å varsla om eleven er i faresonen nær 10 prosent fråvær. Om skulen ikkje har varsla kan dei ikkje lata være å gje vurdering, sjølv om du har passert grensa.

– I enkelte fag kan dette bety at så snart du har vore vekke i ein dobbelttime så er du i faresonen. 10 prosent er ikkje mykje, så varselet kan koma tidleg.

Førarkort, ferie og runde kantar

Utfordringa til dei som driv ein annan skule, trafikkskulane, blei belyst i eit intervju Midtsiden hadde med Bjoarvik Trafikkskole i september.

Rundt 80 prosent av dei som tar førarprøven er i vgs-alder, utfordringa er å fylla arbeidsdagane til dei tilsette, som alle jobbar 100 prosent ved trafikkskulen, når så stor del av kundegruppa må køyra før klokka 8.30 og etter klokka 15.

– Vi forstår at elevane vil ta førarkort og at situasjonen for trafikkskulane er vanskeleg. Noko av opplegget deira, som glattkøyring, krev dessutan ein heil dag.

– Os vgs er ein yrkesfagleg skule og mange av elevane våre treng førarkort for å utøva yrket sitt, anten det er anleggsmaskinførar, transportfah eller ambulansefag. Det er god grunn for oss til å vera litt runde i kantane når elevane vil ta førarkort.

Skulen kan visa seg samarbeidsvillig ved at faglærarar gir avspasering mot sjølvstudie, at eleven kompenserer for fråvær ved å gjera ta igjen det tapte skulearbeidet på fritida.

– Dette vil fungera fint om eleven også køyrer på fritida og at eleven varierer kva fag han eller ho ber om sjølvstudie i.

Ferie kan foreldra og eleven uansett gløyma å henta inn igjen med sjølvstudie.

– Vi er klar over at det er billigare med sydentur i september enn i juli, men vi er bundne av presiseringa til Udir og Hordaland fylkeskommune i desse sakene.

– Dei opnar ikkje for sjølvstudie som kompensasjon for ferieturar, dette er ugyldig fråvær.

Kan ein dårleg start øydelegga heile skuleåret?

Utan at det kom spørsmål frå salen var elevinspektøren innom eit anna tema; dei som eventuelt får ein dårleg start på skuleåret og passerer 10 prosent før jul.

– Regelen gjeld frå start. Du får ikkje terminkarakter i halvårsvurderinga om du har passert 10 prosent fråvær.

– Har du kome så skeivt ut at du, sjølv med fullt oppmøte resten av året, ikkje vil klara å koma under 10 prosent, legg vi likevel til rette for at eleven kan ha nytte av skulen.

Eleven kan då gå opp som privatist. I staden for berre å sitja heime og lesa kan vedkomande søkja om å få følgja undervisinga i klasserommet sjølv om dei ikkje lenger har rett på å få vurdering.

Vedkomande vil ikkje få lekser, innlevering eller prøvar, men kan vera i miljøet og få undervising så eksamen blir lettare å gjennomføra med stil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.