Lokal | 07. feb. 2017

Tente 9,3 millionar på aksjar

Os kommune går mot eit solid overskot også for 2016. Utålmodige politikarar freista fritta ut økonomisjefen i formannskapet.

Tente 9,3 millionar på aksjar
Os kommune styrer igjen mot eit solid overskot (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 07. feb. 2017 10:36

I slutten av januar kom skattetala for Os kommune, som synte at kommunen sin skatteinngang hadde auka med vel 50 millionar kroner frå 2015 til 2016.

Det er ikkje berre skatteinngangen som slår positivt ut når økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas no er i ferd med å gjera opp årsrekneskapen for kommunen. I formannskapet tysdag presenterte ho avkastningsrapportane på finansporteføljen for november og desember, kor det kjem fram at kommunen tente 9,3 millionar kroner på børsen i 2016.

– Kan økonomisjefen seie noko om dei signala som blei sendt ut uoffisielt på det samla formannskapsmøtet om sluttsummen for Os kommune i 2016, spurde Eirik André Hesthamar (Frp).

– I rekneskapsrapportane så held vi avkastninga utanom. Det er positivt med dei 9,3 millionanane vi får i finansavkastning. Dette kjem i tillegg til ein positiv skatteinngang og andre positive ting, smilte Kaalaas lurt tilbake.

– Men kan du seie noko om rekneskapsutsiktene for 2016, følgde ei nysgjerrig Marie Bruarøy (H) opp.

– Det skjer mykje med rekneskapen den siste veka fram mot 15. februar som fristen vi har. Avslutninga av rekneskapen har gått greitt, resultatet ser ut til å bli godt, men eg kan ikkje seie noko tal akkurat no. Vi satsar på eit pent overskot.

Ein utålmodig ordførar måtte nøya seg med svaret, men følgde likevel opp.

– Kan ikkje formannskapet få ein e-post så fort det er klart, før de lagar den formelle saka. Vi er frykteleg nysgjerrige, påpeika Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.