Sport | 19. juni 2015

Thomas fekk storfangst i Oselvo

– Eg fekk ein på tre kilo for to år sidan. Dette var mykje kjekkare, sjølv om eg måtte ta han på land åleine.

Thomas fekk storfangst i Oselvo
Thomas Karlsen Bergo med fangsten på 8,3 kilo. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. juni 2015 11:11

Bildeserie:

1 av 2

Ei knallgod opningsnatt i Oselvo 15. juni (sjå bildeserie og video) blei følgt opp av at Monica Lund tok sin første laks då ho skulle ta eit par kast med sambuaren si stang.

Ein annan nøgd fiskar første veka i årets laksesesong er Thomas Karlsen Bergo (24).

– Eg var ein del i Oselvo då eg var yngre, og tok opp igjen fisket for fire år sidan. Det har ikkje blitt så mykje fangst, berre ein på tre kilo i 2013. Men gårsdagen er eg nøgd med, fortel han.

8,3 kilo tatt på Tøsdal

Thomas tok ein laks på 8,3 kilo.

Laksen blei tatt på sluk (møresild) tidleg på ettermiddagen torsdag, i Spongo på Tøsdal.

– Eg har fiska kvar dag sidan fisket opna. Måndag tok eg fem gjedder på same stad.

– I går hadde eg fri og det var nokre kameratar som var med meg. Men dei kom seinare, så eg måtte få laksen på land åleine.

Fangsten er, ifølgje Prohd, den største som er tatt i Oselvo til no i år.

prohd.no, som følgjer fisket tett, kan du sjå topp 10-liste og fleire fangsrapportar.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.