Kultur | 29. aug. 2012

Tornado tilbake etter 50 (!) år

VIDEO: Frå 1960 til 1964 var dei så aktive at dei blei lei. No skal rockebandet Tornado tilbake på scenen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. aug. 2012 06:33

Er du i den rette (beste) alderen har du nok gode minne frå Fjellheim, eller andre ungdomshus i Hordaland, der Tornado spelte til dans.

– Den eine sommaren var vi på spelejobb fem dagar i veka, frå Skyttarhuset på Stend til Espelandshallen, det var dans over alt og vi stilte opp.

– Vi stilte nok opp litt for mykje, for plutseleg var vi lei. Vi var lei publikum og dei var lei oss, ler trommeslagar Walfred Nøss.

Onsdag 5. september går Tornado på scenen igjen, på Nøsteboden i regi av Bergen Beat Club.

SJÅ VIDEO FRÅ ØVING NEDST I ARTIKKELEN

– Spelte i kvart friminutt

Gitarist og vokalist Jan Haaland gjekk i klasse med bassist Henry Flåten, som seinare skifta namn til Ari Hasseltein.

Dei spelte saman første gong på Os-mønstringa i 1959, og fekk så med seg vokalist og sologitarist Harald Fosså og trommeslagar Nøss.

– Det blei nokre kjekke år på ungdomsskulen, vi spelte i kvart friminutt òg, minnast Jan.

Henry Flåten er erstatta av Erik Handeland, som også speler i bandet "Tre med og ein uten".

Skyggar av The Shadows

Tornado speler låtar av blant andre The Shadows, The Spotnicks og Elvis Presley.

I 1963 kom Tornado på 3. plass i NM for Shadow-band.

"Tornado består av flinke musikere og bandet var det eneste som hadde koreografi (Shadow-trinn) når de spilte og sammen med det tette compet og gitar-soundet så var Tornado i en klasse for seg selv", skriv shadcasters.com.

I studio hos Wesenlund

I løpet av åra dei var aktive kom Tornado-gjengen i kontakt med Rolv Wesenlund.

Den kjente komikaren og skodespelaren, blant anna kjent som figuren Marve Fleksnes, dreiv platestudioet Scala i Bergen.

– Vi fekk tildelt låta "Å jeg vet en seter". I tillegg fekk vi låna ei låt Eiliv Lund og Johan Næss hadde laga, Shakin', fortel Harald Fosså.

– Fleire band frå Bergen var på innspeling og Wesenlund kalte oss Bergen Beat.

På klubb i Bergen

For nokre år sidan blei Bergen Beat Club stifta, med konsertar på Nøsteboden med jamne mellomrom.

– Dei har inviter oss før, men først denne gongen fann vi ut at vi skulle takka ja, seier Jan.

Tornado står på plakaten onsdag 5. september. Husbandet Bergen Beatband og Askøy-bandet 2nd Power Unit (stifta i 1967) skal også spela denne kvelden.

Les òg: Comeback etter 40 år (Young Collection frå Os

Sist Tornado spelte saman var på ein mimrekonsert under Fritio i Os i Fjellheim tidleg på 80-talet.

VIDEO FRÅ ØVING: Her kan du sjå og høyra korleis Tornado tar seg ut cirka 50 år etter start. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.