Næringsliv | 28. des. 2016

Trekte premiar for 35.000 kroner

Over 3000 handlande har levert ferdigstempla sentrumkort. Er du ein av dei 33 som i dag fekk premie?

Trekte premiar for 35.000 kroner
Laila Moberg, ordførar Marie L. Bruarøy, Tove Tvedt Skarstein og Daniel Skotheim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. des. 2016 12:37

Bildeserie:

Over 3000 storkundar har levert kort til trekninga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Over 3000 storkundar har levert kort til trekninga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Laila og Daniel organiserte trekninga på Torget i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Laila og Daniel organiserte trekninga på Torget i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Representantar frå fleire butikkar møtte fram. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Representantar frå fleire butikkar møtte fram. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Over 3000 storkundar har levert kort til trekninga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Laila og Daniel organiserte trekninga på Torget i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Representantar frå fleire butikkar møtte fram. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os Sentrumsforening har denne jula hatt ein eigen lojalitetskampanje for å auka handelen på Osøyro.

– Både medlemsbedrifter og potensielle medlemmar har vore med på kampanjen, fortel næringssjef i Os kommune og del av midlertidig leiing av Os Sentrumsforening, Daniel Skotheim.

Les òg: Møt den nye sentrumssjefen

Kundane trengte fem stempel på kortet for å delta i trekninga.

– Det har vore veldig vellykka. Enkelte har levert fleire kort med fem stempel, minst éin har fylt ut heile fem kort, fortel Tove Tvedt Skarstein.

Det var Tove som kom med ideen, i utgangspunktet fordi ho saknar gåvekort for sentrumsbutikkane. Medlemmane i Os Sentrumsforening hadde tidlegare eige digitalt gåvekort, men ordninga som dei fekk via Norsk Sentrumsutvikling forsvann.

Vann diamantring verdt 5700 kroner

33 butikkar har stilt med premiar, i hovudsak gåvekort på 500 eller 1000 kroner, men òg nokre varer til høgare verdi.

Representantar frå fleire butikkar, og nokre kundar som håpte på å vinna gåvekort, var blant dei som møtte fram under trekninga på torget i dag.

Dette er dei tre gjevaste premiane, med vinnar:
1. Diamantring på 0,05 karat frå Gullsmed Eide verdt 5700 kroner: Patricia Langeland
2. Valfritt plagg frå Borg Vêr verdt opptil 3.499,- kroner: Solveig Curran
3. Medlemsskap hos Aktiv365: Iben Askvik Drønen

Her er dei andre vinnarane (av gåvekort frå 500 til 1500 kroner): Unni Askvik (GH Interiør), Anne-Lise Haugland (Jernia), Jannicke B. Kallekleiv (Os Hud og Hår), Eli Nordberg (Fotograf Silje Lepsøy, Varde), Kirsten Moss (Yes vi leker), Vibeke Borgen (S. Tvedt), Jorunn Færøy (Madam Ane), Brita Henriksen (Sparebanken Vest), Amanda Selvik (Dysvik Clothing), Lise Blytt (Nordisk Rom), Bjørn Sivertsen (Oseana Kafé og Restaurant), Torunn Vangdal (Kali), Margunn Vernøy (Max Dyrebutikk), Siv Lyntun (Osøyro Libris), Bente Sælen (Havnechefens Restaurant), Anne Mette Almeland (2Villa), Margunn Valen (Lundehjørnet), Tor Ottersen (Janus), Amanda Eide (Energi Trening), Eva Mari Solberg (Toppen), Sølvi Mjånes (Os & Fusaposten), Solfrid Rotnes (Apotek1), Anna H. Hjelm (Instinct), Anne Marie Larsen (Vitusapotek), Liv Nordahl (Koru Helseterapi), Ingebjørg Igland (Rammebutikken), Knut Rokne (Rørleggeriet), Hanne Dahl (T. Moberg Sko), Åse Olsen (Os Blomsterservice) og Katrine Viken (Strikkebutikken).
Midtsiden ber på førehand om orsak for namn som er stava feil. Kvar vinnar blir kontakta per telefon av butikkane dei har vunne i.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.