Politiet hadde kontroll på Ulvenvegen i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tull i trafikken med to menn i 60-åra

Ein av dei er mistenkt for promillekøyring.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag i 13-tida var politiet skuffa etter å ha stoppa to bilistar med promille i blodet midt på dagen.

Laurdag i 12-tida blei nok ein mann mistenkt for å køyra med promille.

– Politiet hadde trafikkontroll på Ulvenvegen laurdag formiddag. I alt 60 bilar blei kontrollerte, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.

Ein av dei var ein mann i 60-åra. Han er mistenkt for promillekøyring og blei tatt med for blodprøvetaking. Det er tatt beslag i førarkortet, noko mannen samtykka i.

Nekta å visa førarkortet

Seinare på dagen, klokka 16.15, blei ein annan bilist i 60-åra stoppa.

Dette var på Hatvikvegen.

– Vedkomande nekta å visa førarkortet sitt, noko han er pliktig å gjera.

Kva som var årsaka til, eller strategien bak, er usikkert. Men mannen er meldt for forholdet.

Full mann vist vekk frå Brugata

Det har vore lite tull med folk på fest i helga.

I løpet av natta blei likevel ein mann vist vekk frå sentrum.

– Det var ein mann i 30-åra som rava rundt i Brugata, godt skjenkt. Han fekk pålegg om å fjerna seg frå sentrum og å halda seg vekke til klokka 8 søndag. Det ser ut som om han etterkom dette, for vi har ikkje fleire notat på vedkomande.