Sport | 05. mai 2011

Tysk ekspert støttar Tysse

Den kjente tyske dopingeksperten Werner Franke føyer seg inn i rekkja av 94 fagfolk som meier Erik Tysse si prøve ikkje inneheldt CERA.

Tysk ekspert støttar Tysse
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mai 2011 05:19

I fjor sommar testa han positivt, i februar i år blei han dømt og utestengt i juni skal ankesaka opp i Idrettens voldgiftsrett (CAS). Kvar dag kjem det inn fleire tusen kroner i støtte til Erik Tysse, aksjonen kronerulling.net var onsdag oppe i ein totalsum på over 243.000 kroner.

Erik Tysse håper på frikjenning og førebur seg så godt han kan på VM i august, som han er kvalifisert for, om anken går gjennom.

Medan Tysse trenar kjempar fleire fagpersonar for å gje han ei god sak i CAS, til saman 94 fagfolk, blant dei 43 professorar, har skrive under på at dei meiner prøveresultatet til kappgjengaren frå Søfteland er feil.

Nobelprisvinner i kjemi, professor Peter Agre, er ein av dei, no har også professor Werner Franke og hans nærmaste medarbeidar Dr. Hans Heid
skrive ei erklæring med same konklusjon.

- Franke er ein framstående forskar, som har jobba lenge med antidoping, og som har stor kompetanse på dei analysemetodane som er brukt ved analysane av urinprøvane til Erik Tysse, seier Tore Skotland, ein av dei sakkyndige i dopingsaka mot Tysse, til bt.no.

Franke og Heid publiserte i 2006 ein vitenskapeleg artikkel der dei kom med sterk kritikk av den metoden som da blei brukt til dopinganalyse av EPO-liknende substansar. Det er den same metoden som seinere er tatt i bruk også til analyse av CERA.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.