Krabø (KrF) og Trellevik (H) i Vognhallen onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Uheldig vingling om Hordfast

Paneldebatt: «Hersketeknikk» sa Kårbø då Trellevik reagerte på KrF-politikaren si nøling om E39 Stord - Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Paneldebatt i Vognhallen onsdag 6. september:

Debattantane: Jan Helge Corneliussen (TvS), Magne Rommetveit (Ap), Harald Lekven (Sp), Knut Børgesen (MDG), Glenn Erik Haugland (V), Pål Krabø (KrF), Ove Trellevik (H) og Espen Aspenes (Frp).

Før debatten starta blei følgjande resultat frå ei undersøking gjennomført av Næringsalliansen i Hordaland i sommar presentert:

• 32,5 % av dei spurde næringslivsaktørane seier ferjefri E39 er viktig eller svært viktig
• 39,3 % seier det same om Bergensbanen og E16 Bergen – Voss
• 32 % seier at betring av kollektivtilbodet i sentrale strøk er viktig eller svært viktig

I Os er det endå fleire som ønskjer at ferjefri E39 skal prioriterast.

• 51,4 % seier at ferjefri E39 er viktig eller svært viktig
• 21,2 % at Bergensbanen og E16 Bergen – Voss er viktig eller svært viktig
• 12,1 % at kollektivtilbodet i sentrale strøk er viktig

– Er det ikkje berre til å byrja å bygga brua, spurde Hamre, og retta spørsmålet til brumotstandar Glenn Erik Haugland (V).

– Sjølvsagt er det det, men ikkje over fjorden. Bjørnafjorden er verdt å ta vare på, også for næringslivsaktørar. Oppføring og sal av hus er største næringa i Os, det blir ikkje like fint å selja hus med utsikt om utsikta er mot ei monsterbru. Det er heller ikkje alle tettstadane rundt Oslo som, sjølv om dei har firefelts motorveg frå Oslo, føler at dei ligg på ein gullakse.

Brukte trekantsambandet som eksempel

Rommetveit (Ap) brukte trekantsambandet mellom STord, fastlandet og Bømlo som eksempel.

– Minst halvparten var imot prosjektet, men det er ingen som er imot det i dag. Vi har òg sett oppblomstring av næringsliv rundt sambandet.

Dette fekk Børgesen til å be om replikk.

– MDG er ikkje imot å bygga vegar, men eg har ikkje tru på at bru over Bjørnafjorden vil ha tilsvarande effekt som trekantsambandet. Os er ikkje ei øy. Då er indre trasé betre, både for Bergen-Oslo og for distrikta i Hardanger. Til langtransport vil vi ha lyntog mellom Oslo, Bergen og Stavanger.

Stivbeint sikk-sakk

Aspenes (Frp) er ikkje i tvil om at ny og god veg i midtre trasé vil gje vekst. Han brukte Stavanger og Forus, Oslo og Gardermoen og Bergen og Åsane som eksempel.

– Dei raudgrøne, med SV som ikkje ville ha veg i det heile tatt, klarte ikkje å ta avgjerd før vi overtok, men det klarte dagens regjering. Hugs at dette er del av eit større prosjekt, Kristiansand-Trondheim, og då kan du ikkje køyra sikk-sakk oppover Vestlandet.

– Vi i Os har blitt høyrd, det blir inga dagløysing. No må vi koma vidare.

MDG ba om replikk.

– Det har skjedd mykje sidan 2013. Prisen er tredobla, samtidig har det ikkje vore auke i trafikken, altså behovet og finansieringsgrunnlaget.

– Det er stivbeint å ikkje villa sjå på indre trasé på nytt.

På kollisjonskurs

Pål Krabø (KrF), som førre veke òg var fungerande fylkesordførar, stilte seg nølande til midtre trasé.

– For det første synest eg det er rart at det internt i våre borgarlege regjeringsparti knapt er akseptert å stilla kritiske spørsmål. Sjølv undrast eg om det er rett å bruka så enormt mykje pengar på ei bru, dagens ferjesamband er ikkje akkurat U-land-standard på. Og kva med dei 8 milliardane som prisen brått er redusert ed? Det må jo gå ut over noko.

Rommetveit (Ap) nemnde kort at han nett hadde høyrd KrF-leiar Hareide, på Bømlo, klinkande klar på at Stord-Os no skulle byggast, og såg ut til å gle seg over kor lite samstemte regjeringa og støttepartia var.

Samtidig hadde det bygd seg opp til ein tordentale frå Trellevik (H):

– Eg er rysta over at ein fylkesordførar frå KrF kan sitja å seia noko slikt! No må vi følgja prosessane, og spørsmål om indre trasé er vi for lengst forbi! Det er historisk at eit fleirtal på Stortinget har peikt på Vestlandet med så mykje pengar, skal vi no spenna bein på oss sjølv med nye rundar så set vi samferdsle på Vestlandet tilbake 20-30 år!

Krabø sa han ville ha seg fråbedt slik hersketeknikk, han sat ikkje i panelet som fylkesordførar. Lekven sa at Senterpartiet ville vera reflekterte og ta nye faktorar med i vurderinga, som samanslåing mellom Os og Fusa til Bjørnafjorden kommune.

Rommetveit var einig med Trellevik om at Hordaland ikkje skal stå med lua i handa, mens Rogfast og Ryfast blir bygd i Rogaland.

– Men det føreset ein kostnad som er fornuftig. Kanskje skal vi ned i 90 km/t. Men at Erna står på Arna stasjon og kallar Hordaland ein vinnar i NTP-en er tull. Hordfast er ikkje før om 6-7 år, det er to val mellom denne NTP-en og byggestart. Vi burde fått meir, både til E39 og til E16 mellom Bergen og Voss.

• Les òg: Sånn var klimadebatten i Vognhallen