Kultur | 28. des. 2015

UKM-påmeldinga er i gang

Her kan du sjå video frå UKM 2015, 2014 og 2013 - og dato for kulturmønstringa i 2016.

UKM-påmeldinga er i gang
Fossegrim var blant dei som tok seg vidare frå UKM 2015. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. des. 2015 09:51

Med tribute til rockebandet Kvelertak var Fossegrim frå Fusa blant dei som tok seg vidare frå UKM i mars 2015.

Sjå video frå UKM 2015, UKM 2014, UKM 2013 og UKM 2012.

Også i 2016 skal ungdom frå Os på mønstring med ungdom frå Fusa, i Oseana, og også i år ventar ungdomen til tett på med å registrera seg som deltakar.

Påmeldinga opna 1. desember. Til no er det berre éin påmeldt.

Både UKM-datoen og påmeldingsfristen er tidlegare i år.

Kulturmønstringa finn stad søndag 14. februar frå klokka 12, påmeldingsfristen er 1. februar.

Kven kan melda seg på?

UKM (Ungdommens Kulturmønstring) er eit nettverk av små lokale festivalar kor ungdom kan delta med alle formar kulturuttrykk.

Av rundt 25.000 deltakarar på 360 lokale arrangement går 6.600 vidare til 19 fylkesmønstringer og 550 av desse til den riksomfattande UKM-festivalen.

Alle ungdomar under 20 år kan delta på UKM. I enkelte kommuner kan du delta frå du er 10 år, i dei fleste, som Os og Fusa, er det 13 år som aldersgrense.

Og du kan delta med alt - på scene eller med utstilling.

UKM.no kan du lesa meir om arrangementet og melda deg på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.