Arne Mæland gler seg til sommarutstilling i Os. (Foto: KML)

Ut på SkulpTur

Ein og ein halv kilometer med skulpturar: Til sommaren blir det ei annleis utstilling i sentrum.

Av: Kari M. Lyssand

Annakvart år sidan 1999 har Os Kulturutvikling arrangert Os internasjonale skulptursymposium, og etter kalenderen så skulle det i 2015 stått på plakaten igjen.

– I år har vi valt å ikkje arrangera symposiet, vi ville finna på noko nytt, fortel kunstnar Arne Mæland.

Tysdag var han på sponsorjakt hos bedrifter i sentrum til det heilt nye arrangementet «Gå ein på SkulpTur».

– Eg har allereie fått fatt på fleire som er villig til å bli med å bidra.

«Gå ein SkulpTur» blir ei sommarutstilling med skulpturar frå rundt ti kjente steinhoggarar frå Norge. Utstillinga skal strekka seg frå parken ved Os kyrkje heilt bort til Oseana.

– Utstillinga blir laga i ei løype frå parken og ut til Oseana og tanken er òg å invitera skuleklassar til å få ei omvising før og etter skuletid.

God respons

Blant steinhoggarane som er klare finn vi John Audun Hauge som laga monumentet til tiårsmarkeringa for tsunamien og ein versjon av dette kjem til Os.

– Vi har òg fått med Kristian Blystad, Kjersti Wexelsen-Goksøyr og Knut Bryn for å nemna nokre.

Tida utstillinga skal vara er ofte den travlaste tida for kunstnarane, men det har vore god respons frå dei Mæland har snakka med.

– Dei blir alle invitert til opninga, då kjem vi til å ha ein liten «happening» på Kyrkjeflata før vi tar ei vandring gjennom utstillinga etterpå.

Klar til å prøva noko nytt

Utstillinga vil bestå av rundt 12-15 store skulpturar og vil vara frå 30. mai til 30. august.

– Vi ønsker å bygga vidare på det vi har jobba med tidlegare, nemleg Os som skulpturbygd.

– Difor ønska vi å bruka dette året til å sjå litt, få andre erfaringar og prøva ut nye ting.

For dei som er uroa for at det ikkje blir fleire symposium så kan Mæland roa dei.

– Skulptursymposiet står på planen for 2016.

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Det kryr av talent her

28. juni 2017

Bildeserie: – Og det dukker stadig opp nye, seier friidrettsnestor Jan Borgen om årets friidrettsskule på Kuventræ.

bilde-midtsiden

Brann i takkonstruksjon

28. juni 2017

Brannvesenet rykte ut på melding om brann i takkonstruksjon på eit nybygg i Storestraumen.

bilde-midtsiden

Kva skal OBEAS driva med?

28. juni 2017

Generalforsamling i Os bygg og Eigedom AS. Formannskapet etterlyste tydeleg strategi for selskapet.

bilde-midtsiden

Speler finale i Sør Cup

28. juni 2017

Lysekloster/Nore Neset stiller med fem lag i Sør Cup. Gutar 14 speler B-finale i dag.

bilde-midtsiden

No kan du velja sjølv!

28. juni 2017

Lesarinnlegg: Alle pasientar som har rett til rehabilitering, kan no frå 1.juli velja fritt mellom offentlige og private...

bilde-midtsiden

Lager opningsfest for takterrassen

27. juni 2017

Takterrassen på Torget har fått eige namn. Med levande musikk, sjømatbuffet og nyutdanna barsjef blir det offisiell opning til helga.