Kultur | 26. juni 2011

«Utsyn frå Mobergsneset»

Video: Med spesialskriven song blei opningdagane av Oseana avslutta sundag.

«Utsyn frå Mobergsneset»
Andris Hamresøndag 26. juni 2011 22:31

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Åtte kor frå Os fekk æra av å avslutta 10 eventyrlege dagar i Oseana. Om lag 12.000 gjestar har vore innom huset i løpet av desse dagane.

Avslutningskonserten blei ikkje noko dårlegare enn dei tidlegare arrangementa. Ein fullsett storsal fekk oppleva den spesialskrivne songen «Utsyn frå Mobergsneset».

Teksten er skriven av Jimmy Øvredal, tonefølgje er laga av Norvald Kobbeltvedt.

Før kora urframførte verket las Jimmy Øvredal diktet for dei frammøtte.

SJÅ VIDEO AV SONGEN (foto: Andris Hamre, Songen blei framført som ekstranummer på terrassen framfor Oseana. Midtsiden beklager periodevis vindsus på opptaket.)

Mellom fjordar og fjell

Sundagskveldens konsert blei ei mektig oppleving for dei rundt 500 tilhøyrerane. Dei åtte kora opna konserten på same måte som opningsframsyninga av Oseana, med Song til Os (Ossongen), kor alle dei sju versa blei sunge.

Frå Ossongen var vi innom songar av Evert Taube, Arnulf Øverland, John Lennon/Paul MCartney og Bjørn Eidsvåg for å nemne nokre.

Det heile blei bunden saman av Mari Lyssand med små historiar og anekdotar.

Dei åtte kora som deltok var Os Vocalis, Kyriaké, Os Kyrkjekor, Os Blandakor, Nornekoret, Os Kammerkor, Fonos og Os Mannskor. Kora fekk hjelp frå mellom anna Os spelemannslag og Os folkedanslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.