Siste av to seminarkveldar var dei ni deltakarane i innspurten på fine maleri og teikningar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Å våga å bli inspirert

Stiller ut i kveld: Etter to kveldar med foredrag er deltakarane klare.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Eg prøvde å ikkje snakka så mykje, eg ville berre gje dei litt inspirasjon, og følgja arbeidet deira etter at dei kom i gang, seier Arne Mæland.

Han stig rundt i lokalet han sjølv har vore brennande engasjert i å få bygd, kulturstova i Vognhallen, og kan gle seg over både ungdom som blømer av kreativitet, og av bruk i tråd med ønskjet for lokalet.

– Dette er noko av det vi håpte bygget kunne brukast til, stadfestar Mæland på vegne av Os Kulturutvikling.

Ei anna som gler seg over både oppslutnaden, innhaldet og det å få bruka lokalet er Helene Waage. Ho er både arrangør og student, og seminaret «å skapa visuell kunst» er ei oppgåve innan faget hennar; «prosjektledelse for kunst og kreative næringer».

• Les òg: Student lager «skape-seminar» for ungdom

– Eg hadde plass til 10 deltakarar og fekk 9. Vi har hatt to fine kveldar med foredrag, teikning og maling, og no blir det utstilling.

– Eg har òg vore i Oslo og presentert prosjektet på skulen denne veka, fortel Helene, som no berre har eksamen igjen før bachelorgraden er i boks.

Stiller ut i ettermiddag

Fredag ettermiddag kan du sjå noko av det deltakarane har skapt desse to kveldane.

Utstillinga i Vognhallen er open frå klokka 18 og (berre) éin time fram.

– Ikkje ver så opptatt av å teikna menneske

Mæland snakka ikkje berre om eksempel på inspirasjonskjelder, men om å ikkje å vera så opptatt av at det du teiknar eller malar skal vera så fint, eller så likt på det du prøver å teikna.

– Det kan vera lett å gje opp om du for eksempel ikkje klarer å teikna menneske. Men det er mange som ikkje teinar eller malar menneske, men som likevel skaper flott kunst!

– Eg oppmoda deltakarane om heller å våga å leika seg litt, og på den måten gradvis utvikla seg innan lys og kontrastar, fargebruk og fine linjer. Dei som kan teikna menneske kan kosa seg med det, og så kan vi andre læra andre viktige element.

Janne Fargeraas var foredragshaldar første kveld. Ho snakka om å henta inspirasjon frå seg sjølv, å bruka kjensler eller ei stemning til å velga form og farge på lerretet.

– Mitt første kurs

Ein av deltakarane, Thea Mathilde Moberg Haugland, seier dette er første gong ho er på kurs innan kunst.

– Eg er glad i å teikna og mala, og eg er glad i kunst. Då eg fekk høyra om dette seminaret så tenkte eg at det kunne vera fint å ha to kveldar der eg gjer noko anna, å læra noko nytt.

– Kva sit du igjen med etter to foredrag og litt praksis?

– At eg skal ha det gøy med kunst, ikkje berre tenka at det skal bli så bra eller fint, berre leika meg og våga å prøva nye ting.