Sport | 12. nov. 2017

Vann finalen på golden goal

Nore Neset 2 snudde kampen og stakk av med sigeren i J14 i Lagunen Fotballfest.

Vann finalen på golden goal
Nore Neset 2 vann finalen i J14 i Lagunen Fotballfest i dag.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. nov. 2017 12:06

Nore Neset J14 har ei stor og god treningsgruppe med over 25 spelarar. Dei har vunne 1. divisjon med det eine laget og speler KM-finale søndag om ei veke.

No har dei deltatt i Lagunen Fotballfest med Nore Neset 2, som òg presterer svært bra!

Nore Neset 2 tapte første kamp 0-1 for Gneist, men vann den neste 2-0 over Vestsiden-Askøy.

– Vi fekk ein tøff start, men spelte betre og betre utover i turneringa, seier Eirik Kvittingen, ein av trenarane for den store, talentfulle jentegruppa på Nore Neset.

Slo Smørås i semifinalen

Med 3-3 i siste kamp i sluttspelet blei Nore Neset puljetoar, a-poeng med Fana på 3. plass.

Dei to beste i kvar av dei to puljene gjekk rett til semifinalen. Der vann Nore Neset 3-2 over Smørås.

Søndag formiddag var det finale mot Lyngbø.

Ein thriller av ein finale

Finalen mot Lyngbø starta med at Lyngbø gjekk rett frå avspark fram og skåra.

– Vi rota litt i starten og dei gjekk opp i 0-2, men så kom vi oss. Heldivis fekk vi òg ei redusering før pause, fortel Kvittingen.

– I andre omgang var vi klart best, men 1-2 sto seg til kort tid før slutt. Vi fekk ei utliking og finalen gjekk til golden goal.

Finalen var berre nokre få minutt ut i ekstraomgang då Nore Neset fekk den avgjerande skåringa, slik dei fekk i finalen i Sør Cup i 2016.

Nora kåra til finalens beste

Nora Austevoll Kvinge blei kåra til finalens beste spelar. Ho og eit par andre jenter speler på begge laga til Nore Neset.

– Dette var ei fantastisk avslutting på sesongen. No gler vi oss til resten av jentene skal spela KM-finale neste helg, seier Kvittingen.

• Les òg: Os J13 vann finalen i Lagunen Fotballfest, Nore Neset til semifinale

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.