Lokal | 12. sep. 2017

Vara på vippen

Laila Reiertsen gler seg over godt val for Frp - og følgjer nøye med på den siste stemmeteljinga.

Vara på vippen
Laila Reiertsen kan igjen bli første vara, denne gong for tre, ikkje to, frå Hordaland Frp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. sep. 2017 10:41

Først var ho fast på Stortinget etter valet i 2009, så, sommaren 2015, kom ho inn for Gjermund Hagesæter frå sommaren 2015 og fram til jul 2016.

Før nominasjonen til årets val var ho innstilt på 3. plass, men bergensarane kjempa Torkil Åmland forbi og Reiertsen hamna på 4. plass.

– Eg forstår at Bergen Frp ville ha sterk representasjon frå byen, sjølv om vi no ser at vi har gjort det best i småkommunane. Dette er uansett ikkje noko eg tenkjer på i ettertid, vi har flinke folk på lista og alle må heile tida tenkja det beste for partiet.

Nett no ligg Hordaland Frp an til å auka frå 2 til 3 mandat på Stortinget. Med Åmland inne blir Laila første vara.

– Det blei nokre turar til Oslo som vara utanom det halvanna året eg sat fast for Hagesæter. Å vera vara for tre kan det bli meir å gjera enn å vera vara for to, som eg er i inneverande periode. Men få stemmer avgjer, så dei neste timane og dagane blir spennande.

– Kan det bli opningar lengre oppe på lista, at for eksempel Helge André Njåstad hamnar i regjering?

– Det er ikkje utenkjeleg, Helge André har vore både dyktig og synleg på Stortinget. Mykje kan skje framover, og dette er ikkje noko for ein som vil ha eit A4-liv. Eg held sjølv arbeidsgjevaren min, Ravneberghaugen, oppdatert.

Audmjuk og takksam for Frp-suksessen

Høyre og Frp har opplevd overraskande lite slitasje av å sitja i regjering. Høyre mister 3 mandat, Frp 1, men har saman med støttepartia Venstre og KrF framleis fleiretal.

I Os har Frp dessutan vakse. Ikkje på nivå med når det er lokalval, men likevel har dei gått opp 1,5 prosentpoeng til 23,1 %.

• Sjå resultat for Os - krins for krins og heile Os kommune

– For det første synest eg det er fantastisk med at vi får nesten like stor oppslutnad på landsbasis i år, etter fire år i regjering. At vi i tillegg opplever fin vekst i Os, med alt det negative fokuset på bru over Bjørnafjorden, og med Terje Søviknes i Oslo, er eg audmjuk over og takksam for.

Frp sto i ro i Lysekloster valkrins og gjekk fram i alle dei tre andre, samanliknbare krinsane.

• Les òg: La du merke til desse tala?

– Eg trur osingane har vist at dei både synest at regjeringa har gjort ein god jobb, og at vi framleis har god støtte lokalt.

Håper på betre samarbeid med KrF og Venstre

KrF og Venstre kom seg så vidt over sperregrensa (4,0 %), og blei med det med å dela på dei 19 utjamningsmandata. Utan desse ville det ifølgje VG blitt raudgrønt fleirtal.

I Os gjekk KrF tilbake heile 2,8 prosentpoeng til 4,4 %, Venstre gjekk tilbake 1,2 prosentpoeng til 4,3 %.

– Eg synest det er synd. Både her lokalt og på Stortinget har vi samarbeidd godt, spesielt med KrF.

– Eg trur veljarane har reagert negativt på måten KrF har stengt døra for Frp. Dette er også reaksjonar eg har fått frå veljarar i Os. Det handlar både om å vera raus og samarbeidsvilig, og om å erkjenna sin eigen storleik og å gle seg over dei gjennomslaga du får, meiner Laila Reiertsen.

I 2009 stakk ho, med rundt 300 stemmer margin, av med fast plass på Stortinget framfor Lars Sponheim (V). No, mens dei siste stemmene blir talte, står kampen om det siste faste mandatet frå Hordaland igjen om Frp og Venstre, Terje Breivik (V) manglar ifølgje BT 19 stemmer på å gå forbi Torkil Åmland (Frp).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.