Kultur | 18. feb. 2015

Varme tonar frå Tone Linn

VIDEO: Har du sakna den fine jazzvokalen til Tone Linn Mjånes? Måndag song i heimbygda igjen, her kan du sjå to minutt av konserten.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. feb. 2015 12:14

Tone Linn Mjånes har vore populært innslag på programmet, både med trio og som gjestevokalist med andre, åra vi hadde Osøren Blues & Jazzfestival kvar sommar.

I 2012 fekk sjå og høyra ho med Osøren Jazzensemble (sjå video frå 2012), men no er det nokre år sidan Tone Linn har sunge i heimbygda.

– Det var veldig kjekt å bli invitert til seniortreff og vi hadde eit nydeleg publikum, seier Tone Linn om dei 120 frammøtte.

Måndag var årets første seniortreff i Oseana. Arrangementet starta med foredrag av Mari Skar Manger frå GC Rieber Compact AS og heldt fram med kaffipause og konsert.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Tone Linn Mjånes trio består av, forutan vokalisten, Erik Håkon Halvorsen (piano) og Edvard Mjanger (bass). Dei spelte eit variert utval av norsk og utanlandsk jazz, også frå musikalar, og med ei fin, varm og morosam introduksjon til kvar låt.

Vil gje ut plate

Mjånes fortel at 2014 blei eit roleg år på musikkfronten, men at ho og trioen no legg planar om ein meir musikalsk sesong.

– Vi blir nok å høyra litt oftare i år. Eg synest også at det er veldig kjekt at Os har fått jazzkafé, kanskje kan vi koma der og spela ein gong til hausten.

Tone Linn syng mange coverlåtar, men lager også materiale sjølv.

– Målet er å få spelt inn og gjeve ut ei plate eit av dei nærmaste åra. Det håper eg å få tid og ressursar til.

VIDEO: Sjå to minutt av konserten på seniortreffet måndag. (Foto: KVB, midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.