Kultur | 17. feb. 2015

Kompakt informasjon til dei eldre

Mens andre store selskap har forsvunne frå Os er det framleis forsking, utvikling og utviding frå Compact-basen på Søfteland.

Kompakt informasjon til dei eldre
Leiar for forsking og utvikling ved Compact, Mari Skar Manger, tok seg tid til ein kaffi etter foredraget i Oseana i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. feb. 2015 13:34

Bildeserie:

120 kom på seniortreff på Oseana måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
120 kom på seniortreff på Oseana måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Deltakarane fekk høyra om produkta frå Compact på Søfteland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Deltakarane fekk høyra om produkta frå Compact på Søfteland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... og om internasjonal utviding.
... og om internasjonal utviding.
I pausen var det kaffi og kaker i foajeen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I pausen var det kaffi og kaker i foajeen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
For å få plass til alle deltakarane, som har vore oppe i 350 i talet, er det også dekka på i restauranten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
For å få plass til alle deltakarane, som har vore oppe i 350 i talet, er det også dekka på i restauranten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5
120 kom på seniortreff på Oseana måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Deltakarane fekk høyra om produkta frå Compact på Søfteland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... og om internasjonal utviding.
I pausen var det kaffi og kaker i foajeen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
For å få plass til alle deltakarane, som har vore oppe i 350 i talet, er det også dekka på i restauranten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Måndag var årets første seniortreff på Oseana. Seniortreffet, som var nytt tilbod i fjor og eit supplement til senioruniversitetet, er finansiert gjennom støtte frå GC Rieber Fondene, og er eit samarbeid mellom Oseana, GC Rieber Fondene, Os Senioruniversitet og Kultureininga i Os kommune.

I går var Rieber også representert på scenen i form av forelesar frå selskapet GC Rieber Compact AS, leiar for forsking og utvikling Mari Skar Manger.

– Innfallsvinkelen var dette med store bedrifter og arbeidsplassar i Os, men eg trur publikum var like interessert i kva som skjer innanfor veggane på hovudkontoret vårt på Søfteland.

– Folk veit litt om oss, men ikkje så mykje, og det er naturleg i og med at vi produserer og sel varer i hovudsak for eksport til store offshoreselskap, offentlege institusjonar og hjelpeorganisasjonar, seier Manger.

Om bord i 7 av 10 livbåtar

Nemner du Compact til ein osing, så tenkjer gjerne vedkomande på rasjonar til Forsvaret.

– Ja, vi dreiv med det ein gong i tida. No deler vi marknadane våre i to;

• den sivile maritime, vatn og nødrasjonar (Seven Oceans-serien) som blir produsert på Søfteland og levert til livbåtar over heile verda,

• og den terapeutiske, for forebygging og behandling av akutt eller moderat underernæring, med produksjon i India.

I den sivile maritime marknaden har GC Rieber Compact AS rundt 70 prosent av den internasjonale marknaden.

Forsking og utviding

Noko anna dei frammøtte fekk læra om verksemda frå Søfteland var nivået av forsking og utvikling. Talet på arbeidsplassar ligg normalt på 30 til 35, men ved ei krise i verda kan arbeidsstokken fort bli utvida og produksjonen auka til fleire skift.

Grunna utviding med nye fabrikkar og lager ute i verda er administrasjonen på Søfteland utvida med fleire tilsette.

– Det hender også at vi koplar på andre instansar, frå universitet til kundar, når vi driv utvikling og testing. Vi har to ferske eksempel, eitt der UiB gjorde eit studie for oss, eit anna der ein hjelpeorganisasjon testa ut smakar, seier Manger, som blant anna har bakgrunn frå Olympiatoppen, der ho jobba mens ho tok doktorgraden sin.

Compact har blant anna lager i Danmark og Dubai, og fabrikkar i India og Sør-Afrika.

– Kunne noko av denne produksjonen heller vore i Noreg og i Os?

– Nei, den kunne nok ikkje det. Marknaden for terapeutiske produkt er ganske pressa på pris, så denne er naturleg å ha i utlandet. På Søfteland har vi god kapasitet til dei maritime varene til den sivile marknaden, men vi held oss nok til den her heime.

– Om ein osing skal på telttur, kunne han fått kjøpt seg noko mat frå Compact til turen?

– Vi er ikkje aktivt inne i direktekundemarknaden, men vi har levert til ein del ekspedisjonar, blant anna av Børge Ousland. Vil du ha ein kasse Compact-varer med på tur så kan du senda oss ein epost så blir det ordna.

200 deltakarar i snitt

I fjor var det seks seniortreff på Oseana, tre på våren og tre på hausten. Det blir tilsvarande i år.

– Dei har vore veldig populære, opptil 350 gjestar på det meste, og rundt 200 i snitt. I går var vi 120 og dei såg ut til å ha det kjekt, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindberg.

Etter foredraget var det kaffi og kaker før konsert med jazzvokalist Tone Linn Mjånes frå Os sin trio.

Her kan du lesa om, og sjå video frå konserten.

Neste seniortreff er 16. mars. Då kjem Thomas Hellum frå NRK for å snakka om sakte-TV. Lunsjkonserten blir «Them Good Old Ladies» Carina Opdal med band.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.