midtsiden

Vått, men vilt

Vårsleppet fekk ikkje nok publikum til å gå i pluss, men blei livleg nok til at det blei ein oppgradert laurdagskveld for dei fleste.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Søndag, mai 10, 2009 - 04:45

Truleg kom det rundt 500 til konserten i Os sentrum laurdag kveld. Det er i så fall halvparten av besøkstalet for dei tidlegare Vårslepp-konsertane.

- Eg har ikkje talet enno, men dette blir nok eit tapsprosjekt, seier Espen Risti.

Sjølv om det var mindre folk såg det tett ut her og der, som framme ved scenen, i nokre av telta og inne på Opus.

Vorspielet på Bar2Be blei bra, men også her var det plass til om lag dobbelt så mykje folk.

Midtsiden.no kjem tilbake med meir ...

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11