Vått og tett lokaloppgjer
Bildeserie og resultat, Langedalen Opp: Fem sekund skilte fire lokale løparar - men minuttet før kom Erik Vaktskjold i mål.
Bildeserie:
Langedalen Opp 2017 blei arrangert av Søfteland Turn og Idrettslag søndag.
Motbakkeløpet hadde 151 deltakarar, 45 av dei i konkurranseklassen (frå Vinddalsvatnet. 2,0 km og 150 høgdemeter), 106 i mosjonsklasse (frå Joker, utan tidtaking).
Kjersti Tyse Lyssand blei raskaste kvinne frå Os, ho tok 3. plass med tida 9,26.
• Les òg: Kjersti kjempa seg på pallen i Langedalen Opp
Raskaste lokale deltakar i herreklassen var Erik Vaktskjold frå Opptur Motbakkeklubb. Han tok 5. plass (uansett alder) med tida 08,21.
Stian Dahle kom på 4. plass med tida 07,56.
Fem sekund skilte fire lokale løparar
Bak Vaktskjold kom fleire lokale løparar tett i tett. På tampen av siste bakken, knappe 200 meter frå mål, var Kjetil Styrvoll og unge Andreas Størkson skulder i skulder.
Rett bak kom Rune Sævareid og Valter Midtsæter. Størkson kom i mål på 9,22, Styrvoll på 9,25, Midtsæter på 9,26 og Sævareid på 9,27.
Eit løp for små og store - med to og fire bein
Både i mosjonsklassen, som er utan tid, og i konkurranseklassen, var det god stemning langs og i løypa. Mosjonsklassen hadde opphaldsvêr, mens det regna tungt etterkvart som dei i konkurranseklassen, som starta eit kvarter seinare, nærma seg mål.
Langedalen Opp viste seg igjen som eit godt familieløp, med barnevogner, foreldre og besteforeldre som både gjekk, jogga og spurta opp det arrangørane kallar «Noregs brattaste fylkesveg».
Topp 3 kvinner
1. Eli Anne Dvergsdal: 8,29
2. Christine Ellefsen Hopland: 8,56
3. Kjersti Tyse Lyssand: 9,26
Topp 3, herrar
1. Espen Roll Karlsen: 7,22
2. Lars Lunde: 7,29
3. Joachim Losnedal Tonning: 7,50
I siste fil i bildeserien over ser du komplett resultatliste.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.