Kultur | 03. mai 2013

Vegard Leite heiar på Eirik

Vegard Leite, som sleppte plate denne veka, skal til Oslo i dag for å sjå Eirik Søfteland ta seg til den same finalen han sjølv deltok i for to år sidan.

Vegard Leite heiar på Eirik
Vegard Leite då han takka osingane med konsert i Nore Neset. Eirik Søfteland innfelt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. mai 2013 10:13

I kveld kjempar Eirik Strønen Søfteland om plass i superfinalen i Idol.

Les òg: – Eirik er framleis favoritt

Medan Eirik skal synga "Bohemian Rhapsody" av Queen og "Black Whole Sun" av Soundgarden stiller Steffen med "Footloose" av Kenny Loggins og "Bad Things" av Jace Everett. Siri syng "Last Name" av Carrie Underwood og "Whiskey Lullaby" av Brad Paisley og Alison Krauss.

– Eg har følgt med på Idol og på Eirik og er imponert over kva han kan og kor stabilt han har levert, seier Vegard Leite, som har kjæraste frå Os og sjølv kom på 2. plass i Idol 2011.

– Dei som har kome så langt er nok slitne av å bu heimefrå og å konkurrera på direktesendt TV kvar fredag. Men det gjeld sikkert meir for dei to andre enn for Eirik. Han er jo eit fyrverkeri av ein type, i tillegg har han mykje musikk i seg og det er tydeleg at det er dette han vil.

I kveld skal Vegard sjå Eirik live.

– Han er favoritten min, så det blir nokre sms-ar frå min telefon i kveld.

– Betyr meir enn det meste

Eirik sjølv er klar på at han har sjukt lyst til å stå på scenen framfor 8000 tilskodarar i Oslo Spektrum neste fredag.

– Det er det viktigaste eg gjer i livet mitt akkurat no, å koma til den finalen.

– Eg er i «Idol»-bobla og lever «Idol»-livet og eg skal vinna. Eg skal koma til den finalen. Det er det eineste eg siktar mot, seier Eirik.

Vil gje jernet

Om osingane og andre stemmer Eirik fram til superfinalen i Spektrum lover han å gje jernet.

– Eg skal koma til å eiga den scenen og berre gå ut der og ikkje vera nervøs eller redd eit einaste sekund.

– Eg skal berre nyta det, ta scenen med storm og gje alt, seier Eirik Søfteland.

Plateaktuell med Leite & The Music Mafia

Etter Vegard sin suksess på Idol meldte forbildet hans, onkelen Bård, seg på i TV2-programmet The Voice.

– Vi har spelt mykje saman både før og etterpå, seier Vegard.

Dei to danna bandet Leite & The Music Mafia, som består av Vegard Leite (vokal og gitar), Bård Leite (vokal og gitar), Kjetil Hekland (el-gitar), Christian Øverland (el-gitar), Pål Nundal (trommer)og Dag-Erlend Torp (bass).

I mars sleppte dei singelen "Your Eyes", som sidan har vore på rotasjon på P4, denne veka kom albumet "First Train", som også er tittelen på ei av låtane.

Flykrasj førte til utsett release-konsert

Leite og bandet skulle hatt release-konsert på Parkteateret i Oslo i går, men konserten blei utsett grunna flykrasj i New York.

– Gitaristen vår Kristian sat på flyet som kom borti eit anna fly på rullebanen. Det var berre venga som blei skadd, men flyet kunne ikkje letta og vi måtte utsetja til laurdag 11. mai.

– Det var synd for dei som hadde bestilt fly og hotell for å få med seg konserten, men ikkje noko vi kunne gjera noko med, seier Vegard.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.