Anleggsvegen og den mellombelse brua som låg ved Lyseklostervegen er no fjerna (arkivfoto: Geir Brekke, Statens Vegvesen)

Vegen er vekke

E39 Svegatjørn - Rådal: No er anleggsvegen frå Lyseklostervegen til Endelausmarka fjerna.

Av: Andris Hamre

I oktober 2015 tok endeleg arbeidet med ny veg mellom Os og Bergen fatt då den midlertidige anleggsvegen frå Lyseklostervegen og inn i Endelausmarka blei laga.

Vegen låg i ein anna trasé enn der kor fylkesvegen skal koma.

1. mars fekk Gustav Alfred (7) æra av å vera den første som køyrde gjennom Skogafjellstunnelen, då det første løpet hadde fått gjennomslag.

No er begge løpa ferdig utsprengt og anleggstrafikken inn til Endelausmarka går gjennom tunnelen.

– Vegen som fungerte som tilkomst til og frå Endelausmarka skulle vekk då Skogafjellstunnelen blei køyrbar for anleggstrafikk. Den er no fjerna, inkludert den mellombelse brua som var ved Lyseklostervegen, fortel Geir Brekke, kommunikasjonsrådgjevar i Statens Vegvesen.