Forfattar Kjell Magnu Økland signerer den nye boka «Oselvar - den levande båten» på Os i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vellykka bokslepp med båtutstilling

Oselvarboka omsette for 40.000 kroner i Bergen torsdag. I dag blei den lansert i Os.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag blei boka om oselvaren lansert på Fisketorget i Bergen.

Les òg: Storstilt slep(p) for boka «Oselvar - den levande båten»

401 har førehandsbestilt boka, 65 av desse kom for å henta med autograf torsdag.

I tillegg blei det selt 80 bøker til nye kundar under lanseringa i Bergen torsdag ettermiddag.

Stjerna i showet

– Vi er veldig nøgd med både sleppet og slepet, seier forfattar Kjell Magnus Økland.

Han slepte sjølv ei forsegla bok, montert på toppen av ei fiskekiste, inn Vågen i Bergen. Då sto det tett med folk i ein hestesko, frå Fisketorget til Zachen.

– Å ha båtar utstilt under sleppet var ein god idé, eg såg folk koma vandrande i eigne tankar, tydelegvis ikkje på veg til boklansering, men dei stoppa opp då dei såg båtane. Det er oselvaren som er stjerna i showet.

Sjølv stilte han med både skodespel og song under sleppet i Bergen.

«Hva skal du ha for lyren din, stril», frå Hellemyrsfolket, blei til «hva skal du ha for boka di, stril». Det var diktlesing, «Vinter i naustet» av tysnesing Anders Bakke, og låta «Segla heim», om ein som truleg var i Os og ville stela ein båt for å segla heim til Gudeøya som oselvar-forfattaren kjem frå.

Utstilling og foredrag

Med seg i utstillinga, som òg står under boksleppet på Os i dag, er óg Johannes G. Eide sin versjon av Halsnøybåten, bygd av Knut Sørnes, rekonstruksjon av funn 335 e. Kr (!) - og Gokstadfæringen, bygd av Svein Erik Øya for Ivar Otto Myhre, rekonstruksjon av funn 890 e. Kr.

Boksleppet og utstillinga har hatt godt besøk frå start i 12-tida. Klokka 14 i dag held forfattaren foredrag i kommunestyresalen.

Det var ikkje plass til alle og folk som måtte nøya seg med ståplass då 160-200 kom om bord i ferja Showtime under foredraget i Bergen for to dagar sidan.