Kultur | 30. mai 2016

Vellykka satsing på parodiar

Over 400 såg revyen «Oharaball» i helga. Her fortel tre frå salen kva tre sketsjar dei likte best.

Vellykka satsing på parodiar
Det er tett med parodiar i årets revy frå Nor og Ne. Alle slo godt an. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. mai 2016 10:35

Bildeserie:

Årets 7 skodespelarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Årets 7 skodespelarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Blått blir til brunt i Oharatunellane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Blått blir til brunt i Oharatunellane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jan Helge Corneliussen som gravferdagent slo svært godt an. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jan Helge Corneliussen som gravferdagent slo svært godt an. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Thomas Helgesen og Robert Haugetun forklarte den dyriske logoen sin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Thomas Helgesen og Robert Haugetun forklarte den dyriske logoen sin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Du må følgja nøye med om du er kappgang-supportar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Du må følgja nøye med om du er kappgang-supportar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Har du prøvd å ringa eit legekontor? I Oharaball tar dei opplevinga på kornet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Har du prøvd å ringa eit legekontor? I Oharaball tar dei opplevinga på kornet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dobbeltstemme er godt å ha når Osfest skal få støtte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dobbeltstemme er godt å ha når Osfest skal få støtte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Minst éin av desse kan hjelpa deg om det er noko du lurer på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Minst éin av desse kan hjelpa deg om det er noko du lurer på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Linda Nytræ med hyllest til Tove Tvedt Skarstein. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Linda Nytræ med hyllest til Tove Tvedt Skarstein. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fleire sansar blir pirra i sansehagen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fleire sansar blir pirra i sansehagen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Djevelen tar seg av Liv på Øyro frå no av. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Djevelen tar seg av Liv på Øyro frå no av. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kva fotballag heiar Gud på? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kva fotballag heiar Gud på? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Skal du løfta svaner må du passa på at ikkje politiet må ta støttesteg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Skal du løfta svaner må du passa på at ikkje politiet må ta støttesteg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Roar syng originalen til Running with the wolves. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Roar syng originalen til Running with the wolves. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Boyane har fått damefølgje. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Boyane har fått damefølgje. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 15

Dei to første av fire framsyningar av «Oharaball» har hatt eit stort og godt publikum.

Les òg: Meir skøy på Skeie

Revygruppa «Nor og ne» selte rundt 170 billettar til premieren fredag, mens showet laurdag med påfølgjande pubkveld var helt utselt med 250 i salen.

Død og liv og logo

– Det som er mest spennande er ikkje om vi gløymer noko av teksten, men responsen frå salen. Vi øver på noko i eit halvt år, utan publikum, då er vi sjølvsagt nysgjerrige på om folk synest det er morosamt, seier skodespelar og ein av tekstforfattarane, Thomas Helgesen.

– I år har vi ein del fleire parodiar enn normalt, og då er det kanskje ekstra vanskeleg å treffa. Når du parodierar kjendisar og politikarar så kan du ta litt meir i enn dei som ikkje har så offentleg profil, så det er ein balansegang, du prøver jo å vera morosam utan å vera for stygg.

Revyen får ein brakstart med Jan Helge Corneliussen som Jorunn Moberg i Os Gravferdsbyrå. Corneliussen tar mimikken på kornet. No er det truleg grenser for kor ulik mimikk du kan ha blant sørgjande, dette kunne kanskje vore kva som helst gravferdsbyråagent, det mest morosame her er at Jan Helge liknar (!) i utsjånad, i tillegg er det i teksten fletta inn ein haug med småpoeng og koplingar mot Liv på Øyro. Eit etablert samarbeid mellom Os Gravferdsbyrå og Lilleballong slo òg godt an.

I første akt får vi òg sjå ein parodi der Thomas Helgesen og Robert Haugetun, alias Arild Vikøyr og Herman Brandt, tar ein grundig gjennomgang av Privatmegleren sin nye logo med dyremotiv.

Andre næringsdrivande som blir hylla med humor er Tove Tvedt Skarstein med S Tvedt og sentrumsforeininga sine moteshow, akkompagnert av Steinar «Prikken» Bøe, og familieverksemda Best, der det berre er å ropa på ein slektning om det er noko du ikkje har svar på.

Den ganske ferske og etterkvart så store artisten Aurora slepp, trass sitt yndige vesen, ikkje unna revygruppa frå Nore Neset. Når fetteren hennar Roar dukkar opp får vi høyra «originalversjonen» av «Running with the wolves», «Vi løper rundt på Os i natt» (sjå video på Midtsiden sin Instagram-konto).

Aktuell på utsio

Djevelen og Gud dukkar opp igjen og delar ansvaret for ymse lokale oppgåver seg i mellom. Gud får ikkje til Liv på Øyro, så den oppgåva har Djevelen overtatt med umiddelbar verknad.

Men Djevelen ville ha betalt ved at Gud gir ei teneste tilbake, Djevelen sitt favorittag må halda plassen i ny divisjon. Også Nore Neset Nytt, NNN, tar for seg Lysekloster sin motgang.

Lokalavisene er revyen så vidt nemnt i år, med vår utvida satsing på video. NNN heng med i svingane og tar ein runde «På Utsio».

Elles er det imponerande mykje fin song til sketsjane, akkompagnert av eit svært stødig orkester, både som eigne innslag, og som tillegg til andre sketsjar. Boyane frå Bømlo stiller meddamer frå Dale og Kygo blir parodiert med nytt instrument.

Raudbrun og litt langdryg

Den niande revyen frå norenesingane inneheld 22 sketsjar og 9 songar og varer i 2 timar og 40 minutt inkludert ein halvtime pause.

Det heile er sydd saman med livet i Liafjellet no når Ohara er under bygging, ein raud tråd med blå luer som etterkvart blir ein brunsvart tråd. Nissane jobbar med å hemna seg på tunelldrivinga og kloakken i fjellet og vi får jamne drypp med seriar med manipulerte bilde av kva nissane har funne på av strekar. Eit eksempel er å skifta ut Er-An Veikro sin buss med ein brannbil.

Tråden er god, og den har nokre poeng og eit par fine låtar, men om revyen skulle vore korta noko ned ville nissane vore ein plass å komprimera.

Topp 3

Etter premieren spurde vi tre av publikummarane kva tre sketsjar dei likte best. Her er svara:

Svein-Rune Børslid
1. Os Gravferdsbyrå
2. Nisse-sketsjane var gode, men litt lange
3. Sansehagen

Ole-Viggo Skaathun (med følgje)
1. Roar (Aurora)
2. Best
3. Os Gravferdsbyrå
– vi er svært nøgd, det er ein raud tråd gjennom alt og vi gir terningkast 10!

Maria Sørstrønen (og Robert Bøthun)
1. Alle med Thomas, han er favoritten!
2. Privatmegleren
3. Os Gravferdsbyrå

Dei to siste framsyningane av Oharaball blir førstkomande fredag og laurdag, laurdag med pubkveld og livemusikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.