Fleire gravstøtter er velta på kyrkjegarden i Os sentrum (foto: Andris Hamre)

Velta gravstøtter

12 gravstøtter velta på kyrkjegarden i Os sentrum. Politiet har ein mistenkt.

image
image
Av: Andris Hamre

Klokka 10 onsdag førmiddag fekk politiet melding om skadeverk på kyrkjegarden i Os sentrum.

– Melding om skadeverk på kirkegard. Vi er på staden. 12 gravstøtter velta, blomer revet opp og nokre ruter knust, meldte operasjonssentralen på twitter.

– Politiet opprettar sak og etterforskar det med lokalt politi.

Hærverket har gått føre seg på fleire ulike stader på gravplassen.

Har ein mistenkt

Natt til onsdag blei det også gjort eit større skadeverk og innbrot på Best-stasjonen vis a vis kyrkjegarden.

– Vi har konkrete mistanker og opplysinger om at det kan vera same person som står bak begge desse tilfella, men vi utelukker ikkje at det kan ha vore fleire eller andre involverte i hendinga på kyrkjegarden. Det er ein teori vi må halde open, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Skadeverk på kyrkjegarden er ei alvorleg hending. Vi har vore på staden for å sikra spor og gjera undersøkingar. Vi må knytta gjerningspersonen til staden. Mannen som blei gripen etter saken på Best-stasjonen blir sannsynlegvis avhøyrd i morgon tidleg eller førmiddag.

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.