Sport | 18. mai 2015

Vi er i gang!

Sprekere • Os mot Askøy: Kommunekampen er i gang. Delar av redaksjonen gjekk til jobb i dag, meir skal ikkje til. Kvar kilometer tel. Her får du nokre av våre turfavorittar.

Vi er i gang!
Midtsiden sin Sprekare-ambassadør, Andris Hamre, gjekk til jobb for å plukka kilometer i kampen mot Askøy måndag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. mai 2015 14:09

Måndag morgon starta den store, spreke, kommunekampen mellom Os og Askøy. I skrivande stund (måndag ettermiddag) har Askøy sine 384 påmeldte plukka 11.003 poeng, mot våre 7.222 poeng fordelt på 357 deltakarar (1 km sykkel = 10 poeng, 1 km gange/løping = 30 poeng).

No er det berre å registrera seg og koma ut av go'stolen!

Kvar kilometer tel, så gjer som delar av Midtsiden-redaksjonen gjorde måndag morgon. Vi let bilen stå og tok beina fatt.

– No bur eg berre vel ein kilometer frå jobb, men det blei 31 poeng i Os-potten.

– Gjer alle det same, i alle fall når det er fint vêr, så plukkar vi fort poeng, seier Midtsiden sin Sprekere-ambassadør, Andris Hamre.

Turtips i Os

Lurer du på kvar du skal legga ettermiddagsturen, så har Andris samla nokre av sine favorittar i og rundt Os sentrum (kvar av turane er nærmare omtalt på Endomondo om du klikker på tur-namna).

– Vi får byrja med fjellturane. Vi bur i ei vakker bygd, kor berre fantasien set grenser for kor vi kan gå.

– Eg har plukka ut dei tre første eg høyrde om då eg kom til bygda for 15 år sidan, seier austlendingen.

I tillegg tilrår Andris dei seks toppane frå Svinningen til Midtsæterfjellet som ein nydeleg dagstur om vêret held i pinsen.

– Desse turane er dessverre ikkje heilt enkle å gå om du skal ha med deg barnevogn. Hadde eg framleis hatt det behovet, så hadde nok turen inn til Raudlistova vore ein soleklar favoritt. (sjå kart her).

I flatare terreng

Midtsiden sin mann er glad i terrenget, men har òg funne fram nokre favorittar på asfalt/grus.

– Turen treng ikkje vera så lang. I ein travel kvardag er det ikkje alltid tida strekk til.

– Difor har eg òg funne fram nokre alternativ som anten går på asfalt eller grusvegar.

– Den einaste av desse som er litt kronglete no, er den som går om Nordmarka, Tøsdal og Hesteløypa då det litt oppkøyrd etter tømmerhogst i Osmarka. Eit godt alternativ kan vera å gå ut til Tøsdalskiftet og ned Osvegen. Det er ikkje så mykje lengre.

Turane har start på Os ungdomsskule eller Os sentrum.

Mens ungane er på trening

Kvifor skal berre ungane trena? Kan ikkje du ta deg ein tur mens dei er på fotball-, friidrett- eller handballbanen.

– Eg soknar jo til Os Turn og Kuventræ, så desse har alle start ved Osbadet, fortel Andris.

Midtsiden håper desse turforslaga kan inspirera osingane til å registera seg og vera med i kommunekampen mot Askøy.

Du treng ikkje gå kvar dag, eller i heile perioden (konkurransen går fram til og med 21. juni).

Kvart skritt eller tråkk på sykkelpedalen tel. Og reisar du utanbygds, så tel skritta dine like mykje der som i heimbygda.

God tur!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.