Lokal | 11. nov. 2016

– Vi treng å komma i gang

BlockWatne ivrige etter å komma i gang med utbygging i Osstølen. Torsdag godkjente PBU endring av reguleringsplanen.

– Vi treng å komma i gang
Arild Halseth frå Block Watne forklarte kva dei fire endringane gjekk ut på (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 11. nov. 2016 11:05

Bildeserie:

Området kor utbygginga vil koma (alle tre utbyggjerane) markert med grått
Området kor utbygginga vil koma (alle tre utbyggjerane) markert med grått
1 av 1
Området kor utbygginga vil koma (alle tre utbyggjerane) markert med grått

Reguleringsplanen for Osstølen/Sveo blei godkjent av kommunen i 2013, etter at plan- og bygningsutvalet fekk gjennomslag for at tiltakshavarane måtte leggja inn meir fortau i området.

Torsdag handsama utvalet spørsmålet om fire mindre endringar av reguleringsplanen.

– Då arkitektane våre i Oslo byrja sjå på området og lysforholda såg dei at den gjeldande reguleringsplanen baud på nokre utfordringar med å få det så gjennomtenkt og godt som vi ønskjer. Byggjegrensene blei flytta for å få betre veg og fortau. Difor ønskjer vi å gjera litt om på det i det eine feltet vårt, forklarte Arild Halseth frå Block Watne.

Fire endringar

Dei fire endringane dei ønskte å få gjort i reguleringsplanen var:

  • Endra plassering av bygg på BK08 og leikeplass f_LEIK06. Som følgje av dette vil f_GV03-04 bli justert.
  • Legge til i føresegna at det kan etablerast ny nettstasjon innanfor f_UA02.
  • Presisere i føresegna at det «ved flate tak er maksimum gesimshøgde 9m over angitt planeringshøgde.» Dette gjeld for delfelta BK05-BK08.
  • Legge til i føresegna at det kan etablerast pumpestasjon innanfor f_ØK03.

– Til det første punktet, så har vi helde oss til same høgder og tal på einingar, men tilpassa bustadene slik at alle får like lystilhøve. Vi har ikkje endra på størrelsen, berre flytta på bustadene.

– Når det gjeld punkt tre, så er det berre ei presisering i reguleringsføresegnene som går på at ein kan byggje flate tak, forklarte Halseth.

Innsynet det same

Til ønskje om byggjehøgde har det kome merknader til arkitekten.

– Du sa det var innsigelse på byggjehøgde, men det gjekk vel også på at det vil bli eit anna arkitektonisk uttrykk og ein usikkerheit om det vil gje auka innsyn til naboane. Blir det endra om vi seier ja til dette, undra Trine Lindborg (Ap).

– Byggehøgden blir jo lik som det som allereie er godkjent. Innsyn vil ein også kunne få om vi byggjer med saltak, i staden for flate tak, svara Halseth, som meinte det ikkje ville vera nevneverdig forskjell.

– Har de hatt dialog med naboane, meir enn den skriftlige dialogen gjennom merknadane, følgde Terje Sperrevik (TvS) opp.

– Eg har ikkje hatt det, om ARD som har vore konsulenten vår har hatt det, veit eg ikkje. Det har eg ikkje undersøkt.

– Kva med dei andre utbyggjarane i området, undra Sperrevik.

– Dei har vi ein kontinuerleg kommunikasjon og samarbeid med. Vi i Block Watne har eit behov for å komma i gang her oppe. Det har gått mykje lengre tid enn vi hadde forventa, det gjer at vi gjerne må byggja ut boligene før dei to andre aktørane. For oss hastar det å komma i gang, forklarte Halseth før eit samrøystes utval godkjende endringane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.