Lokal | 17. sep. 2014

– Like viktig som båtførarprøven

Denne veka har Redningsselskapet sitt årlege Forebyggende Seilas i Hordaland. Fredag kjem dei til Os.

– Like viktig som båtførarprøven
Redningsskøyta Bjarne Kyrkjebø. (Ill. foto: KVB)
Kari M. Lyssandonsdag 17. sep. 2014 06:44

Redningselskapet når ut til over 30.000 born med sitt forebyggjande arbeid der dei lærer elevar ved hovudsakleg 6. trinn om korleis dei skal unngå ulykker på og ved sjøen.

– Brannvesen, politi, frivillige og tilsette stiller opp og borna vil også få læra om brannsikkerheit og korleis dei skal opptre om ein kjem i situasjonar der andre er skada og treng hjelp, fortel dagleg leiar og arrangementansvarleg Endre Ytreland frå Redningsselskapet.

Gode sjøvettsagentar

Ytreland fortel at det er svært få ulykker med born om bord i båt og at ein kan takka eit godt haldningskapande arbeid blant born og unge for det.

– Ungar er dei flinkaste til å bruka redningsvest, dei er gode sjøvettsagentar for vaksne og dei lærer fort.

– Å læra born sjøvett er nesten like viktig som båtførerprøven for ungdom.

Viktig med gode haldningar tidleg

Fredag er dagen Forebyggande Seilas er i Os, med brannvesen, politi, ambulanse, Røde Kors og redningskøyta vil ligga i Os hamn.

Les òg: Redningsselskapet vitja Os

Over 100 av elevane frå Os-skulane stiller på arrangementet, som blir avslutta med ein demonstrasjon av Redningsskøyta klokka 13.

Fakta om Forebyggende Seilas:

Redningsselskapet sitt Forebyggende Seilas er eit opplegg for elevar frå 5.-7. trinn der dei blant anna

  • Lærer førstehjelp
  • Lærer knutar
  • Får omvising på redningsskøyta
  • Lærer om politiet si rolle på sjøen
  • Lærer om kva som er viktig å ta med på båttur
  • Lærer om brann og slukking

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.