Lokal | 14. mars 2013

Vil du ha ei gratis bok?

Arrangørane av WT Litteraturfestival starta i går eit nytt tilbod med fast stasjon på AMFI Os. – Ta med deg ei brukt bok og få ei brukt bok tilbake, seier Frode Sirevåg.

Vil du ha ei gratis bok?
Frode Sirevåg (t.v.) og Vidar Bratlund Mæland starta med bokbyte på AMFI Os i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. mars 2013 08:22

I fjor haust blei den første WT Litteraturfestival arrangert i Oseana. Arrangørane var aktiv gjennom 2012, ikkje bere med førebuingar, men med enkelte litteratur-relaterte småarrangement.

Sånn blir det også i år. Nytt av året er bokbytte, eit tilbod som starta i går.

– Dette er ganske vanleg fleire stadar i Europa, at det på sentrale plassar er lagt til rette for å byta bøker. Du tar med ei bok eller tre, og får like mange tilbake, forklarer Frode Sirevåg.

Han har tru på at tenesta, som er gratis å bruka, kan bli populær.

– Det er mange som les mykje, men ikkje alle som er interesserte i å ha hyllene fulle av ferdiglest skjønnlitteratur. No kan dei veksla inn ferdigleste bøker i bøker dei ikkje har lest før og sånn halda seg med mykje god gratis lektyre.

– Ei bok har like høg verdi i mange år, spesielt for dei som ikkje har lese ho enno.

Starta onsdag

Saman med Vidar Bratlund Mæland lanserte han prosjektet på AMFI Os i går.

– Vi er takksame for at vi får bruka senteret, og for bokhylla vi fekk sponsa av Bohus, seier Frode.

– Tilbakemeldingane vi fekk i går var veldig hyggelege. No blir det eit prøveprosjekt på to månadar, der vi ser om dette blir brukt og om det er noko vi bør halda fram med.

Alltid open

Bokbyttetenesta er open i Amfisenteret sine opningstider. Men Frode og Vidar har ikkje plan om å sitja vakt ved bokhylla.

– Bokbyttehylla er plassert rett innanfor inngangen ved Baker Brun. Her kan folk ordna seg sjølv, sjå gjennom bøkene og byta om dei finn noko interessant. Vi har tillit til at lesehestane ordnar dette og at ingen stel brukte bøker.

WT-gutane kjem til å sjå innom hylla med ujamn frekvens, passa på at det er ryddig og følgja med om det er utskifting på bøkene.

– Om det er folk som har fleire bøker heime som dei ikkje har behov for å ha i hylla, er vi sjølvsagt takksame om dei vil koma og setja dei frå seg i hylla i staden for å kasta dei eller legga dei på loftet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.