Lokal | 28. jan. 2016

– Vil du ha hjelp av ein gamling?

Det prisvinnande tiltaket Gammel Nok opnar avdeling i Os. – Her kan eldre hjelpa eldre, og andre, seier Bjørn og Mons.

– Vil du ha hjelp av ein gamling?
Bjørn Bernsen (t.v.) og Mons Johan Bøe held på å få Gammel Nok i gang i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. jan. 2016 10:15

Pensjonistane Bjørn Bernsen og Mons Johan Bøe frå Os er i ferd med å etablera Gammel Nok AS si første eksterne avdeling.

Kva er Gammel Nok? Eit tiltak frå Asker der vaksne over 50 år, ikkje minst pensjonistar, får ein sjanse til å jobba heil- eller deltid, innan alt frå vaktmeistertenester til omsorg, men òg innan det dei eventuelt tidlegare har hatt som fag, for eksempel som lærarvikar.

Resultatet har fleire sider, eldre held seg frisk lengre, eldre og andre får god hjelp og Gammel Nok går samtidig til kamp mot svart arbeid. Tiltaket er òg eit godt, privat svar på utfordringane Helse-Noreg no står ovanfor.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie: – Vi kan ikkje løysa dette med bemanning åleine

Gammel Nok blei av investeringskonsernet Ferd kåra til Årets sosiale entreprenør i 2015, har 1500 til 2000 arbeidsføre eldre i databasen sin og blant anna nyleg fått kontrakt med den store barnehagekjeda Kanvas.

– Eg blei kjent med Gammel Nok via familie. Dottera mi Marianne sin sambuar er engasjert på eigarsida, fortel osingen Mons Johan Bøe.

Kameraten Bjørn, som gjekk av med pensjon for eit år sidan, likte ideen, og dei to vil no vera med på å få Gammel Nok etablert i Os.

– Tungt for far å bli pensjonist

Gammel Nok-gründer Truls Nordby Johansen frå Asker har blant anna vore engasjert i norsk toppfotball, spelt mot Os (og vunne) og etablert Friskmeldt AS. Bakgrunnen for Gammel Nok, som blei stifta i 2013, er personleg.

– Den eine motivasjonen var den nye pensjonsreformen, den andre var at far fekk ein sluttpakke og blei litt tidleg pensjonert. Eg såg kor tungt det var for han og eg såg kor dårleg bruk av ressursar det var at far skulle gå ledig, fortel Truls.

Jobbar innan fire område

– Gammel Nok sørgjer ikkje berre for å skaffa oppdrag på deltid eller heiltid, mengda arbeidsføre eldre er så stor at selskapet no deler verksemdene i fire, fortel Mats Øverbye i Gammel Nok og ramsar opp:

1. Vekst: Omstilling, kursing og rådgjeving i grupper eller 1 til 1.
2. Proff: Leverer bemanning til midlertidige og faste stillinger.
3. Praktisk bistand: Snekring, malertenester, barnepass og andre praktiske oppgåver.
4. Omsorg: Tilbyr eldre assistanse med små oppgåver, eller som besøksvenn eller turkamerat.

– Det naturlege i starten, som no når vi skal i gang i Os, er å tilby det vi kan ut frå kva arbeidsstokk vi har, for seinare å dela det inn om aktivitet blir svært høg.

Tryggleik og varme

Kunne du hatt bruk for ein erfaren snekker, ei reserve-bestemor som barnevakt eller nokon som kunne mala garasjen din? Eller vil du berre ha nokon å gå på kafé med?

– På den eine sida opplever vi ein enorm kompetanse og arbeidslyst hos mange pensjonistar, på den andre sida ser vi at mange set pris på å ha eldre i arbeid, eller å ha eldre som selskap.

– Spesielt blant einsame eldre får vi tilbakemeldingar på at dei liker å ha andre eldre hos seg, nokon frå same generasjon og same nærområde. Dei har mykje til felles og meir å prata om.

Fleire positive bi-effektar

Gammel Nok har fått eit avdelingskontor i Oslo, men Gammel Nok i Os blir første frittståande franchisetakar.

– Vi har vore i dialog med eit par handlekraftige eldre, og dei har vore veldig interesserte. Vi har allereie 15-20 eldre som vil vera med og jobba for Gammel Nok, og vi har plass til fleire, seier Bjørn og Mons.

– Fleire frå arbeidsstyrken vår, av dei som ønskja det, har kome ut igjen i fast arbeid, nokre av dei som har fått hjelp har sjølv blitt ein hjelpar, fortel Truls.

– Ved sidan av å engasjera eldre, som ved å halda seg aktive ofte held seg friske lengre, går vi med Gammel Nok til krig mot svart arbeid.

– Å leiga tenester hos oss er litt dyrare enn å betala for svart arbeid, men langt rimelegare enn å engasjera ordinære private selskap. Vi konkurrerer nok litt i enkelte marknadar, men ønskjer i hovudsak å vera ein samarbeidspartnar med øvrig næringsliv, seier Gammel Nok-gründeren.

Tidleg i februar kjem leiinga frå Asker til Os for å få den nye avdelinga i gang. Då blir det òg arrangert ope møte.

– Vi vil òg få oss eit lokale, ein base, så både arbeidstakarar og kundar har ein plass å gå til, seier Bjørn Bernsen og Mons Johan Bøe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.