Kultur | 17. sep. 2014

Vil visa noko som ikkje er plettfritt

Ho ligg på 2. plass i Brun og Blid sin modellkonkurranse, men Hege Therese Solholm (18) har ikkje berre premien som motivasjon for å delta.

Vil visa noko som ikkje er plettfritt
Hege Therese Solholm ligg på 2. plass i kåringa av månadsvinnar i Brun og Blid-konkurransen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. sep. 2014 19:46

Bildeserie:

– Eg er spent på om det går an å vera modell sjølv om du ikkje er plettfri, seier Hege,som har vore gjennom fleire operasjonar. (Privat foto)
– Eg er spent på om det går an å vera modell sjølv om du ikkje er plettfri, seier Hege,som har vore gjennom fleire operasjonar. (Privat foto)
1 av 1
– Eg er spent på om det går an å vera modell sjølv om du ikkje er plettfri, seier Hege,som har vore gjennom fleire operasjonar. (Privat foto)

Noreg største solsenter-kjede, Brun og Blid, er for fjerde år på rad i gang med modellkonkurranse der vinnaren får oppdrag som frontfigur for kjeden sommaren året etter og honorar på opptil ein halv million kroner.

Hege Therese Solholm frå Halhjem i Os ligg i skrivande stund på 2. plass i konkurransen om å bli månadsvinnar for september. Klatrar ho til førsteplass får ho billett til seminfinalen i mai neste år.

Men Hege Therese har ikkje alltid vore brun og blid.

– Eg ventar ikkje å vinna modellkonkurransen. Hovudårsaka til at eg har meldt meg på er at eg vil sjå om folk er klare for å sjå noko som ikkje er plettfritt. Eg har sjølv aldri sett ein plakat av ein modell utan perfekt hud og utsjånad.

– Det er først no eg er klar for noko som dette, det er først no at eg ikkje føler skam. Eg skulle ønskja at det skjedde tidlegare, at fleire av ungdomsåra blei betre. Dette er litt eigenterapi og litt for å visa andre at du kan vera stolt av den du er sjølv om du har vore gjennom mykje.

Inn og ut av sjukehus

På modellbilda Solholm har sendt inn kan du, om du ser litt etter, sjå at ho har nokre arr på magen. Det er ikkje snakk om ein blindtarmoperasjon eller eit enkelt inngrep, men spor etter mange år med ulcerøs kolitt, ein komplisert sjukdom i fordøyelsessystemet.

Oppveksten hennar var så prega av sjukdom at ho knapt har minne frå barneskulen. Ho har kome ut av teljinga når det kjem til kor mange gongar ho har vore gjennom operasjonar. Frå ho var 8 år til ho var 15 hadde ho utlagt tarm.

– Det blei oppdaga då eg var 3-4 år, sidan var det inn og ut av sjukehus og mykje heimeundervising.

– Det er framleis periodar med smerter og til sjukehus for sjekk, men no er det eit heilt år sidan eg har hatt problem. Det er ikkje så mange som veit korleis eg har hatt det og det er først no eg er klar for å vera open om det.

Musikk, blogg og bilde

Hege Therese er ikkje berre brun og fotogen, ho er ei allsidig jente som har deltatt i både Idol og UKM, og dei siste åra vore ein aktiv bloggar.

På det beste var ho på ein blogg saman med sambuaren på 5. plass på topplista over norske bloggarar.

– Eg har aldri vore modell, men har blitt interessert i foto og vant med å bli tatt bilde av parallelt med blogginga.

– Eg skriv framleis blogg, men no er det åleine. Vi er framleis sambuarar, men har det for tida for travelt til å følgja opp parbloggen, fortel Hege Therese.

Førebels på 2. plass

Men no er det Brun og Blid og konkurransen om å bli kjeden sin frontfigur sommaren 2015 det handlar mest om.

– Det er vesentlig færre menn som har meldt seg på i år samanlikna med i fjor. Vi skulle gjerne hatt fleire menn med, seier Susanne Mathiesen Monsen frå Brun og Blid.

– Dei første 20 kandidatane blei nyleg presentert på net og kandidatane for september består utelukkande av kvinner.

– Vi har hatt fleire månadsvinnarar dei siste åra som er over 40 år og småbarnsmødre. Dette er en konkurranse kor vi meiner at alt er mogleg, seier Mathiesen Monsen.

Midtvegs i september ligg Hege Therese på 2. plass med 370 stemmer på facebook, bak Lone frå Lakselv, med heile 1.300 stemmer.

Sjå deltakarane på brunogblid.no, eller gå direkte til Hege Therese sin profil. Bloggen til Hege finn du her.

Tidlegare vinnarar:
2010: Beate Haga (frå Stord)
2011: Camilla Teksum (frå Eidsvoll)
2012: Nina Fjalestad (frå Asker)
2013: Nicklas Olsen Hovland (frå Stavanger)
2014: Eirin Hagsrøm (frå Fredrikstad)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.