Scene | 23. apr. 2024

Vill, vakker og woke: De To Vitse Menn er tilbake

Har selt nesten hundre billettar på eitt døgn.

Vill, vakker og woke: De To Vitse Menn er tilbake
Skriveøkt på Tysnes igjen, denne gong på ein nyoppvakna måte. (Foto: privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. apr. 2024 12:04

– Vill og vakker skriv seg kanskje sjølv inn i tittelen. Woke vil eg ikkje snakka så mykje om, eg skal jo leva i denne bygda ei stund til, seier Jan Helge Corneliussen lett nervøst.

Han og kameraten Thomas «2 meter tulling» Helgesen utgjer komikarduoen De To Vitse Menn, som har selt fullt hus på Oseana fleire gongar.

I går blei to nye show lansert, fredag og laurdag i midten av november, laurdagen med påfølgjande sokkadans i restauranten.

I dag er nesten hundre billettar selte.

Han kvir seg kanskje no, herr Cornel, men i november skal han ytra synspunkt.
Han kvir seg kanskje no, herr Cornel, men i november skal han ytra synspunkt.

– Det var jo pause i fjor haust, så no skal vi oppsummera to år. Vi fekk oss ei god helg med skriving på hyttetur på Tysnes, men har mykje meir å skriva.

– Har det skjedd noko nytt i Os sidan hausten 2022, då?

– Eg veit ikkje, men det har vore litt endring. Sisi fleipa vi med dei nyopna tunellane, no kan vi jo måla effekten. Om vi vil.

– Elles har det vore endring i politisk styre. Endringar generelt er jo bra for oss komikarar, då får vi noko nytt. Etter nokre år med regnbogefargar kan vi no skriva om dei blå igjen.

Mens Helgesen «sit på ei fjellhylle i Odda og skriv», trør Corneliusssen rundt i heimbygda. Den høge tullingen har hatt heilt humorfri, mens Jan Helge i vinter var med på å skriva til vårens Nor og ne-revy.

Søviktann, Bølla og Pysa tar imot Pinky. Kan han hjelpa kommunen med pengeproblema? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògKan Pinky hjelpa Kaptein Søviktann?

– Vi skriv året rundt, men ikkje berre om heimbygda og lokalpolitikken. Rundt tre fjerdedelar av showet skal vera forståeleg også for folk frå andre kommunar.

Foreløpig ligg De To Vitse Menn ikkje an til så mykje humorkonkurranse i årets julebordsesong i Oseana, Are Kalvø med «Berre bønder lengtar heim» i slutten av november er einaste til no på haustprogrammet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.