Sport | 16. okt. 2017

Aalesund-tabbe kan sikra Os

Os står i fare for nedrykk før siste runde, men ikkje om protest på denne mannen går i boks.

Aalesund-tabbe kan sikra Os
Jørgen Hatlehol, her på Kuventræ, skulle ikkje spelt mot Os i Ålesund i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. okt. 2017 20:57

Bildeserie:

Sånn ser tabellen ut før klagen er behandla, og før siste serierunde. (Fotball.no)
Sånn ser tabellen ut før klagen er behandla, og før siste serierunde. (Fotball.no)
1 av 1
Sånn ser tabellen ut før klagen er behandla, og før siste serierunde. (Fotball.no)

Med siger borte over Aalesund 2 laurdag ville Os ha sikra plassen i 3. divisjon før møtet med serieleiar Brattvåg heime førstkomande laurdag.

Som kjent hamna Os under 2-0, men tok eitt poeng etter skåring av Rafael Villén og Torgeir Lunde.

I etterkant har det vist seg at Aalesund 2 har brukt ein spelar dei ikkje skulle brukt i denne kampen.

Jørgen Hatlehol, som spelte frå start og skåra 2-0-målet for Aalesund 2 i 65. minutt, spelte også frå start med A-laget til Aalesund i førre serierunde (borte mot Sandefjord 1. oktober).

– Eg blei gjort merksam på dette av ein annan person i klubben på søndag, og varsla kretsen, som viste meg vidare til forbundet, om at vi ville leveraprotest, seier spelande dagleg leiar Endre Brenne til Midtsiden.

Aalesund legg seg langflat

– En kjempeglipp av oss som ikkje burde skjedd. Det er grisesløvt og berre å beklaga, seier AaFKs toppspelarutviklar Remi Natvik til BT.no.

Årsaka til at klubben ikkje fanga dette opp skal vera at det har vore landslagspause i Eliteserien, og derfor vore spelt to andrelagskampar utan at det har vore seriekamp med A-laget i mellomtida.

– Ingenting er avgjort

Os, som i fjor trudde dei hadde berga plassen fram til Bjarg leverte protest på Austevoll, og måtte slå både Bjarg og Sotra i innspurten (noko dei klarte) for å berga 4. plassen, kan i år berga plassen ved sjølv å protestera.

Protesten er sendt og om Os får medhald, og får 3-0 og 3 poeng etter bortekampen, klatrar dei frå 10. til 9. plass, forbi Brann 2, og står heilt utan fare for å rykka ned før siste runde.

– Vi veit ikkje kor tid vi får svar, eller kva avgjerda blir, førebels er ingenting avgjort, understreker Brenne.

Os ligg på 10. plass med 30 poeng, 3 poeng framfor både Stord og Haugesund 2, som har 5 og 10 mål dårlegare måldifferanse enn Os.

• Terminliste og tabell

Stord og Haugesund 2 møter kvarandre i siste runde, og om Stord vinn stort, og Os taper stort, kan Os rykka ned.

Siste serierunde blir spelt laurdag frå klokka 14.

Os tar imot serieleiar Brattvåg, som slo Haugesund 2 heile 8-0 i førre runde.

Kan hjelpa Lysekloster

Med poeng mot Brattvåg vil Os både hjelpa seg sjølv, og truleg også Lysekloster, som treng både siger og at Brattvåg avgir poeng, for at dei skal klara målet om opprykk.

Om dei får medhald på klagen har Os ikkje behov for fleire poeng for å redda plassen.

Lysekloster speler borte mot Brann 2 i serieavsluttinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.