Lokal | 11. des. 2014

Auka budsjettet med 9,94 millionar

Arbeiderpartiet med busjettframlegg for neste år. Vil auke til skule, unge pleietrengande, lærlingar og kvaliteten i eldreomsorga.

Auka budsjettet med 9,94 millionar
Lars Atle Skorpen (Ap) legg fram eit budsjett med ei auke på 9,94 millionar samenlikna med rådmannen sitt framlegg (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 11. des. 2014 08:11

Då formannskapet hadde møte 2. desember la sentrumskoallisjonen med TvS/V/KrF/V og posisjonen med Frp/H fram sin forslag til budsjett for 2015. Arbeiderpartiet meldte at dei ikkje hadde eit budsjett å legga fram, men at dei ville komma tilbake til det i kommunestyret den 16. desember.

Tysdag kveld fekk Midtsiden oversendt frå gruppeleiar i Arbeiderpartiet, Lars Atle Skorpen, det budsjettet dei vil legga fram i kommunestyret kommande veke.

Der kjem det fram at Ap vil legga til 9,94 millionar til rådmannen sitt budsjettframlegg. Desse millionane vil Ap nytta på:

kr 6 400 000,- til skule , øyremerka tiltak som gjev betre læringsresultat og som styrkar tidleg innsats/intervenering ovanfor elevar som har behov
kr 640 000,- til Strøno skule, ikkje flytte 5-7 trinn
kr 300 000,- til turstiar, folkehelse, ta heile bygda i bruk, for alle
kr 2 000 000,- til eldreomsorga, styrking av kvaliteten generelt og styrking av unge «som ikkje passar inn» spesielt
kr 600 000,- til lærlingar, økt antall lærlinger

– Vi må tørra å prioritera. Av alt som er viktig er skule, eldreomsorg og arealforvaltning no det viktigaste, seier Skorpen.

Foreslår handlingsregel

I tillegg til dei kronemessige endringane, legg Ap, som dei andre partia, fram ei rekkje verbalforslag.

Mellomanna er Ap uroa over den høge gjelda til kommunen og ber om at rådmannen fremjer ei sak om innføring av ein lokal handingsregel der gjelda til kommunen ikkje skal overstiga 100% av omsetninga til kommunen.

– Gjelda er truleg den største risikoen av enkeltfaktorar i høve det å oppretthalda eit tilfredsstillande framtidig velferdsnivå i kommunen, påpeiker Skorpen.

Partiet ber òg om at det blir utarbeidd ein sak om korleis næringsarbeidet i kommunen skal organiserast for å legga til rette for etablering av nye verksemder og for å legga tilrette for at eksisterande verksemder kan veksa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.