Frode Storebø og Karl Kvile etter signering i dag. (Foto: Os Fotball)

– Eg trur publikum kjem til å lika han

Frode Storebø har signert med Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os har signert sin første nye spelar etter at Karl Kvile for ei veke sidan blei presentert som ny A-lagstrenar.

Frode Storebø går frå Austevoll til Os.

– Dette er ei veldig god signering. Storebø er for god for nivået, og er ein spelar klubben har vore veldig interessert i ei stund, seier Kvile.

Han skildrar den nye spelaren som ein målfarleg og driblesterk kantspelar med eit enormt rykk.

– Eg har sett han i ein del kampar, og eg trur han kan bli ein publikumsfavoritt.

– Siste sjanse før eg flyttar heim

Storebø er fødd i 1991 og har spelt over 100 kampar for Austevoll sitt A-lag. (Står oppført på fotball.no med 9 kampar i år, men det er feil, han har spelt dei fleste).

– Os har vist stor interesse det siste året. Eg var og trente med dei både i vinter og no i sommar, fortel Frode.

Han går på skule i Bergen og bur i by'n.

– Eg fann ut at dette var siste sjanse til å prøva noko anna før eg flyttar heim og byrjar på båt. Eg kjenner ikkje Kvile så godt frå før, men har vore på trening med han i dag, og han ser ut til å vera ein mann med ein plan.

Får eit halvt år på Kuventræ

Storebø har signert kontrakt ut 2019, men har ikkje lovd Os å spela lengre enn fram til sommaren.

– Vi får sjå kva som skjer etter at eg byrjar å jobba, seier Storebø, som er tidlegare lagkamerat med både Mikkelsen og Dale.

Austevoll landa på 10. plass i 4. divisjon i år og er blant Os sine motstandarar i 2018.

– Korleis blir det å spela mot moderklubben?

– Det blir veldig spesielt.

Ser etter fleire offensive spelarar

Kvile er veldig nøgd med signeringa, men seier han òg ser etter ein spiss til.

– Det kan koma nokre fleire signeringar, spiss og midtbane er posisjonar vi ser etter.

At Ole Martin Kolskogen frå G16-landslaget, som Os brukte som midtstoppar i år, må til høgare nivå, uroar ikkje Os-trenaren.

– Vi har fleire midtstopparar, og fleire som kan spela i midtforsvaret, i tillegg har vi ungdom frå eigen stall som er tenkjer kan veksa inn i rolla i løpet av sesongen.