Sport | 21. okt. 2017

– Ein ekkel situasjon å vera i

Tok ingen sjanse - rykte ned: Fem minutt av Os-Brattvåg var det heilt stille på tribunen. Og på banen.

– Ein ekkel situasjon å vera i
Brattvåg skåra i 81. minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. okt. 2017 16:00

Bildeserie:

Tabellen etter serieslutt. (Fotball.no)
Tabellen etter serieslutt. (Fotball.no)
Fint vêr, mykje publikum og god stemning. (Foto: KVB)
Fint vêr, mykje publikum og god stemning. (Foto: KVB)
Innmarsj. (Foto: KVB)
Innmarsj. (Foto: KVB)
Brattvåg hadde 4 cornarar dei første 8 minutta. (Foto: KVB)
Brattvåg hadde 4 cornarar dei første 8 minutta. (Foto: KVB)
Os gjorde to byte, men ikkje før i 90. min. (Foto: KVB)
Os gjorde to byte, men ikkje før i 90. min. (Foto: KVB)
Spangelo Haga med nokre gode innlegg før pause. (Foto: KVB)
Spangelo Haga med nokre gode innlegg før pause. (Foto: KVB)
I andre omgang blei det liv på Os-tribunen. (Foto: KVB)
I andre omgang blei det liv på Os-tribunen. (Foto: KVB)
Og på banen. Brenne med hardt skot utanfor mål. (Foto: KVB)
Og på banen. Brenne med hardt skot utanfor mål. (Foto: KVB)
Os sin einaste corner i kampen. Mikkelsen trefte ikkje godt nok. (Foto: KVB)
Os sin einaste corner i kampen. Mikkelsen trefte ikkje godt nok. (Foto: KVB)
Også Brattvåg skapte sjansar, men omgangen var jamnare enn første. (Foto: KVB)
Også Brattvåg skapte sjansar, men omgangen var jamnare enn første. (Foto: KVB)
Torbjørn Grytten blei dagens helt for Brattvåg. (Foto: KVB)
Torbjørn Grytten blei dagens helt for Brattvåg. (Foto: KVB)
Valter Midtseter raste då Os ville spela safe. (Foto: KVB)
Valter Midtseter raste då Os ville spela safe. (Foto: KVB)
Stord skåra på overtid mot Haugesund 2 og Os rykker ned. (Foto: KVB)
Stord skåra på overtid mot Haugesund 2 og Os rykker ned. (Foto: KVB)
1 av 13

Serieavslutting: Os - Brattvåg 0-1 (0-0)
Målskårar: Torbjørn Grytten (81.)
Os: Thomas Hille (keeper) - Endre Brenne (HB), Aleksander Dale (MS), Divaldo Cardoso (MS), Knut Haga (VB) - Hassan El Fakiri (SM), Marius Mikkelsen (SM) - Erik Kanestrøm (VK), Torkel Hjertnes (HK) - Rafael Villen (S), Christoffer Hafsås (S).

Os kunne i utgangspunktet leva med dagens tap, men rykker ned til 4. divisjon etter at Stord skåra fem minutt på overtid borte mot Haugesund 2. Sjå tabell i bildeserien over.

Brattvåg skåra det avgjerande målet i 81. minutt. Etter dette heldt begge lag seg heilt i ro. Brattvåg var nøgd med 0-1 og Os, som var avhengige av at Stord ikkje vann med for mange mål over Haugesund 2, klarte seg med 1-4-leiinga til Stord i deira 88. minutt. Oppgjeret i Haugesund låg nokre minutt framfor kampen på Kuventræ.

Os trilla ball mellom forsvarsspelarar, og nokre gongar innom keeper. Brattvåg var heilt utan press.

Det var ei stille og merkeleg stemning både på og av banen, fleire har nok aldri før sett eit lag på Kuventræ ikkje kjempa om poeng.

– Vi kunne storma fram, fått ei kontring imot, tapt 0-2 og rykt ned. Då ville vi nok blitt idioterklært. Det er nok kanskje nokre som vil kalla oss idiotar etter dette òg. Det er greit, om folk er likegyldige til dette nedrykket ville det vore frykteleg, meiner assistenttrenar og kampleiar Ørjan Håland.

Fleire minutt på overtid skåra nemleg Stord sitt femte mål for dagen, og gjekk forbi Os - ikkje i poeng, men dei tok Os igjen på målforskjell og gjekk opp i to fleire skåra mål.

I sjokk og sorg

– Spel no, for faen! Stord har gått opp i 5-1! ropte tidlegare Os-keeper Valter Midtseter frå sidelinja. Os-kampen var på overtid og heimelaget forsto at det måtte jobbast. Dei prøvde desperat å koma til sjanse for utlikning, men sekundane tikka fort.

Etter kampen seier Valter dette til Midtsiden:

– Vi var vitne til ein fotballskandale! Dei siste åtte minutta er det verste eg og mange med meg har sett på ein fotballbane!

– Tidlegare i kampen forsvarte dei seg godt og med litt meir vilje framover så vil eg påstå at Os hadde vunne greitt.

– Eg er sjokka og i sorg, seier Midtseter.

Nøgd med sjølve kampen

Det var naturlegvis ei skuffa stemning både på Os-delen av den ganske fullsette tribunen, og på kontoret i klubbhuset etter trening. Spelande hovudtrenar Hassan El Fakiri er, trass nedrykket, nøgd med dagens kamp.

– Brattvåg gjekk ut i eit forrykande tempo, og vi brukte tid på å få organisert oss defensivt. Å ligga under så høgt press gjer det vanskeleg. Då dette kom seg, og vi byrja å skapa sjansar, klarte vi oss betre.

I siste halvdel av førsteomgang hadde Os, mellom 30. og 36. minutt, hadde Os fire sjansar. Den største var då Hafsås kom seg inn til 5-meteren og fekk lagt fint inn langs bakken, rett bak hælen på ein Torkel Hjertnes som kom i litt for stor fart.

– Berre 90 prosent glede

Brattvåg sin assistenttrenar Rune Ulvestad er glad for sigeren og opprykket, og forklarer korleis dei la om frå 1. til 2. omgang.

– Det var litt høge skuldre, og det var vanskeleg å koma gjennom Os-forsvaret. Vi liker ikkje å spela sånn, men la om til å pumpa litt lange ballar etter pause.

Os hadde dei største sjansane i starten på 2. omgang, den største då Spangelo Haga la inn til Brenne, som skaut hardt frå lengste stolpe, men utanfor. Også Brattvåg skapte nokre farlege situasjonar. I 81. minutt fekk dei utteljing, noko som var nok til å berga opprykket.

– Det er berre 90 prosent glede i dag. Os er for gode til å rykka ned, meiner Brattvåg-keeper Per Espen Sæther Thorsen.

Kan bli redda av anke

Os fortviler etter ein knalltøff innspurt.

– Viss eg skal få lov til å syta litt så har vi altså spelt uavgjort mot 9 A-lagsspelarar i Haugesund, og mot eit Aalesund som fuska. Og no dette, fem minutt på overtid, etter ein god kamp mot serieleiaren.

Aalesund innrømte feilen og Os protesterte på bruken av Eliteserie-spelaren, som òg skåra eitt av dei to avgjerande måla. Os sendte protesten innan frist, men varsla at dei skulle senda protesten tre timar for seint.

Dette gjorde at NFF avviste protesten.

– Vi avgjerda bli anka?

– Ja. Vi har varsla at vi sender anke og anken blir sendt før måndag morgon klokka 9, seier dagleg leiar Endre Brenne.

Om NFF kjem med ny avgjerd i saka kan Os få tre poeng og halda seg, mens Stord likevel rykker ned.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.