Fredrik Heggland (i Brann-drakt) helsar her på Simen Lassen før seriekampen i 2015. No kan dei igjen bli lagkameratar (foto: Wim Hetland)

Fredrik til Åsane?

Fredrik Heggland er ikkje med i dei vidare planane til Brann. No kan han bli gjenforent med Simen Lassen.

Av: Andris Hamre

I 2012 signerte dei to Os-spelarane Fredrik Heggland og Simen Helland Lassen overgangspapira som gjorde dei til Brann-spelarar.

To år seinare signerte Heggland proff-kontrakt med storklubben, ei kontrakt som gjaldt ut 2017 sesongen, samstundes fekk ikkje Lassen fornya tillit i klubben og gjekk til Åsane. No ser det ut til at dei to kan bli gjenforent på fotballbanen, nettopp i Åsane. 

Trenar med Åsane

Brann presenterte 2. januar den noverande troppen for 2017-sesongen. Ein tropp utan Fredrik Heggland, som den siste sesongen har vore på utlån til Fana, etter at han fekk ei alvorleg kneskade i seriekampen for Brann, nettopp mot Åsane juni 2015.

– Fredrik skal trene med Åsane no. Eg vil tru at vi om ikkje alt for lenge tek ein avgjersle saman med han på kva vi gjer for 2017, seier sportssjef Rune Soltvedt i Brann til Midtsiden når vi spør kva tankar klubben har om Fredrik si framtid.

Midtsiden har ikkje lukkast å nå Heggland for ein kommentar.

Lassen forlenga

Simen Lassen, som har spelt to sesongar for Åsane, forlenga i desember kontrakta med klubben for to nye år.

– Vi er veldig glad for å ha fått med oss Simen vidare, skriv Åsane på heimesida si.

Åsane har før denne sesongen bytta trenar, kor den tidlegare Brann-trenaren Mons Ivar Mjelde har kome inn.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nesten vellykka pågriping

22. september 2017

Midtsiden var med heimevernet då ei gruppe «uønskt personell» skulle arresterast.

bilde-midtsiden

Hadde motorsag med på scenen

22. september 2017

Det blei blodig då dei spelte i Bergen på 90-talet. I morgon går Bastard Son Of Buddha på scenen hos Hanne’s.

bilde-midtsiden

Vi hevder oss bra

21. september 2017

Leserbidrag: Rosjef Eirik Vevatne oppsummerer Ungdomsmesterskap og Ulvenregatta.

bilde-midtsiden

– Ikkje rart barn mobbar

21. september 2017

– Når ein ser korleis vaksne oppfører seg i kommentarfelta, seier Gisle Hesjedal (Ap).

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.