Næringsliv | 13. juli 2012

God utsikt rundt hamna

Hamnehagen fekk ein god start, Os Sjøfront, som har innflytting i første trinn i august, har berre 6 ledige av dei første 43 leilegheitene.

God utsikt rundt hamna
Bygg Concept har bygd eit stillas-tårn for å visa korleis utsikta blir frå bustadane i Hamnehagen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. juli 2012 07:38

I veke 33 og 34, altså frå måndag 13. august, er det innflytting i dei to første av dei fire blokkene i Os Sjøfront.

– Det var ei formidabel veke før ferien, siste dag signerte eg fem avtalar, blant anna i Os Sjøfront, fortel Kristin Stave frå StorBergen Boligbyggelag.

I H og I-blokka, som er dei to første i prosjektet mellom Os sentrum og Oseana, er det til saman 43 leilegheiter. 37 av desse er selt.

Les òg: Snart klare for overtaking

I dei to neste blokkene, J og K som skal stå ferdig neste år, er det også 43 leilegheiter til saman. I desse er det no berre 8 ledige. I K-blokka er det no berre 1 ledig.

Prisane på husværa som er ledige ligg frå 2,2 til 6,3 millionar kroner. 2. og 3. etasje er utselt i alle dei 4 blokkene.

Bygde tårn i Hamnehagen

Bygg Concept, som sel 43 husvære i Hamnehagen i skråningen på austsida av Oselvo, hadde salsstart i midten av juni.

Les òg: Hurra for Hamnehagen

Vi rakk å selja 11 husvære før ferien og det er vi veldig nøgde med, seier Liv Osland frå Bygg Concept AS.

For å visa korleis utsikta blir frå nokre av leilegheitene har selskapet bygd fått bygd eit tårn på tomta.

– Det er visst ein del som trur Eldresenteret tar all utsikt, men det er feil. Fleire av husværa har fin utsikt over Bjørnefjorden, gjestebrygga eller Oselvo, seier ho.

– Og så er det visst ein del som at dette er eit eigedomskompleks for eldre. Medverkande årsak er truleg at det i planleggingsfasen blei diskutert om kommunen skulle kjøpa nokre av husværa og ha for eldre, og det at vi ligg nær eldresenteret.

– Men Hamnehagen er open for alle og heldigvis har vi variert alder og fleire i 40-50-årsalderen også blant interessentane, fortel Osland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.