Lokal | 26. feb. 2014

Ja, vi har råd til å prøva

Lesarinnlegg: Gjev 13-timars arbeidsdag lågare sjukefråvær og høgare trivsel?

Ja, vi har råd til å prøva
Vigdis Vestvik. (Privat foto/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. feb. 2014 07:15

Bidreg lange arbeidsdagar til at gravide, og kvinner forøvrig, held ut heile arbeidslivet i helse- og omsorgsyrka?

I eit lesarinnlegg 16. februar «Har me råd til ikkje å prøva?» skriv Laila Marie Reiertsen (Frp) om tilrettelegging for gravide i arbeidslivet for å motverke at gravide vert sjukemelde. Ho peikar på sjukefråvær på 8,2 % i Os kommune i 2013. Og sidan ein stor andel av dei kommunalt tilsette i Os er kvinner trur ho at ein stor del av sjukefråveret kan tilskrivast graviditet.

I eit lesarinnlegg den 21.02 «Fagforbundet sentralt går baklengs inn i framtida» reiser ho kritikk mot Fagforbundet som ikkje vil gå inn for 13-timars arbeidsdagar.

– Er det slik å forstå at Laila Marie Reiertsen meiner at 13-timars arbeidsdagar er tiltak som reduserer sjukefråvær blant gravide?

For som ho alt har sagt, så er det ein stor andel kvinner blant dei kommunalt tilsette, i Os, som i dei fleste andre kommunar. Og den største andelen kvinnelege tilsette finn ein innan helse -og omsorgsyrka. Arbeidsdagane er prega av tunge tak, mykje gåing og ofte få tilsette, noko som gjer at dei får liten tid til den einskilde bebuar/ brukar. Dei arbeider med menneske som er i siste fase i livet, noko som inneber psykiske utfordringar så vel som fysiske.

Laila Marie Reiertsen skriv vidare i lesarinnlegget 16. februar:

«Ofte kan det også vere vanskeleg å bli kjent med den gravide og hennar opplevingar rundt arbeidssituasjonen. Trass alt påverkar hormona og endra livssituasjon arbeidssituasjonen og i fleire enn eit høve». 

Er det ikkje naturleg å trekkje fram tilhøva med hormonar og endra livssituasjon kring fleire fasar av livet og ikkje berre den fruktbare?

Og at det slik vil påverke arbeidssituasjonen også utanom graviditetar? Skal ein i alle fasar av livet klara arbeidsdagar på 13 timar utan problem? For er det noko som er bombesikkert, så er det at for alle kvinner, også i arbeidslivet ofte i tunge omsorgsyrke, får kjenne på kroppen at hormonar og endra livssituasjon påverkar både arbeidssituasjon og elles. Då er det vanskeleg å tru at 13 timars arbeidsdagar skal verke helsefremjande!

STAMI, Statens arbeidsmiljøinstitutt, sin nye rapport om arbeidstid og helse viser at lange arbeidsøkter har skadelege effektar, bla. psykiske.

Forskninga viser òg at det er auka risiko /dødelighet for hjarte- og karsjukdom. Samt at risikoen for skader og ulykker i arbeidslivet aukar. Også innan utanlandsk forskning kjem dei til at lange arbeidsdagar, definert til meir enn 40-timars veke eller meir enn 8-timars dag, har negative effekter på helsa. Dei to japanske forskarane Akira Bannai og Akiko Tamakoshi seier at det er klare indikasjonar på at lange arbeidsdagar svekkar helsa på fleire ulike område.

Ja, Laila Marie Reiertsen, me har råd til å prøva! La helse- og omsorgsarbeid vere basert på heiltid, og ikkje deltid.

La det vere eit kommunalt ansvar og ikkje konkurranseutsett og privatisert! Og me bør ha råd til å lytta til kva både forskning og Fagforbund fortel oss!

Vigdis Vestvik
Leiar i Os SV

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.