Lokal | 28. jan. 2016

– Kan ikkje løysast med bemanning åleine

Om 15 år har Noreg dobbelt så mange 70-åringar. Korleis kan teknologi og kunnskap gje ei meir effektiv omsorgsteneste?

– Kan ikkje løysast med bemanning åleine
Bent Høie avslutta Os-besøket med ope møte i Os Eldresenter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. jan. 2016 09:56

Bildeserie:

Høie helste på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Høie helste på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nyvalt leiar Susanne Sperrevik og Emil T. Brimsholm. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nyvalt leiar Susanne Sperrevik og Emil T. Brimsholm. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rundt 30 kom for å høyra på Høie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rundt 30 kom for å høyra på Høie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Vi blir fleire eldre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Vi blir fleire eldre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det kom òg spørsmål frå salen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det kom òg spørsmål frå salen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Pensjonert lege Nic Lunde takka for regjeringa sine grep for kreftpasientar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Pensjonert lege Nic Lunde takka for regjeringa sine grep for kreftpasientar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6
Høie helste på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nyvalt leiar Susanne Sperrevik og Emil T. Brimsholm. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rundt 30 kom for å høyra på Høie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Vi blir fleire eldre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det kom òg spørsmål frå salen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Pensjonert lege Nic Lunde takka for regjeringa sine grep for kreftpasientar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Han viste til konkrete resultat og delte ut eitt og anna klapp på eiga regjering si skulder, helse- og omsorgsminister Bent Høie (H), som besøkte Os førre veke. Men han kom òg med gode eksempel på betre bruk av ressursane til helse og omsrog.

Høie var i Os tysdag 19. januar, både i møte med lokal, politisk leiing, på synfaring i beredskapssenteret på Moberg og på ope møte i Os Eldresenter, der han for 30 gjestar fortalte om dagens situasjon og prognosar for 2030.

– 2030 høyres kanskje ut som ei fjern framtid, men det er berre 15 år fram, og dei fleste av oss vil vel seia at det ikkje er lenge sidan år 2000, sa Høie, og viste blant anna eit kart som gjorde det synleg at talet på kommunar med 30 prosent av innbyggarane sine i eldre aldersgruppe vil auka frå 5 til over 100 kommunar innan 2030.

– I 2030 har vi dobbelt så mange 70-åringar. 70-åringar bruker helsevesenet dobbelt så mykje som ein 40-åring.

– Vi kan ikkje løysa dette med bemanning åleine. Skal vi det så må 1/3 av alle 10. klassingar velja helse- og omsorgsfag. Når vi veit at 80 prosent av dei som vel denne retninga er jenter så skal det mykje til. Vi treng dessutan arbeidskraft i fleire andre viktige sektorar òg.

Færre som dør

Statsråden snakka om dei fire store sjukdomsgruppene, om korleis færre fekk kreft for nokre år sidan fordi dei døydde så tidleg av hjarte- og karsjukdomar at «dei ikkje fekk oppleva å få kreft».

– No lever vi lengre. I 1970 var det 570 som omkom i trafikken, i fjor var det 125, trass auka trafikk. Dette tilsvarar tal frå 1950, då vi hadde ein brøkdel av dagens tal på bilar og mengde bruk.

– På 15 år er talet på personar som dør tidleg av hjarte- og karsjukdomar halvert.

– Vi gjekk til val på dette

Høie meiner at regjeringa etter førre grøne skifte ikkje var førebudd på verken eldrebølgja eller lågare oljeprisar.

– Éi stilling i Nordsjøen representerer 10 millionar kroner i verdiskaping, det dobbelte av fiske og oppdrett. Skal vi løysa helse- og omsorgsutfordringane som kjem så treng vi nye idear og nye løysingar. Det var dette vi gjekk til val på.

Satsinga er gjort med tre hovudprioriteringar:
1. Redusera unødig venting.
2. Rus og psykisk helse.
3. Løfta lokal kvalitet.

På nivå med Nigeria

Innan rus er det kjøpt 200 private plassar, noko som tok ventetida ned to veker.

– Rus og psykiatri fører til den største sosiale skilnaden vi har i Noreg. Dei som slit med rus eller psykiatri har i snitt 20 år lågare levetid, det er på nivå med Nigeria.

– Å vera einsam er òg uheldig, det kan vera så helseskadeleg at det tilsvarar 10 sigarettar om dagen.

Dei fire partia i og rundt regjeringa har ein opptrappingsplan innan feltet.

Gode resultat

– Vi har allereie sett fleire resultat. Ventetida er no nede der den var før førre raudgrøne regjering, vi har no 35.000 færre i helsekø. Korleis? Med auka løyve og betre koordinering av kreftpasientar, både med enklare språk i breva som går ut frå sjukehuset og eit planlagt løp for behandlinga, der pasienten får veta kva som ventar dei allereie i det dei får diagnosen, har vi fått køane ned.

Dette blei stadfesta av ein i salen, lege Nic Lunde, som pensjonerte seg for 10 år sidan.

– Eg har framleis kontakt med mange i helsevesenet og dei roser endringa. No går det slag i slag frå diagnose til behandling, pasientane føler seg tryggare og prosessen er meir effektiv, sa Lunde, som reiste seg opp for å takka Høie.

Høie fortalte òg om gode eksempel, som den eldre mannen som kom heim frå ferie og var så svak til beins at han ikkje klarte å gå opp trappa i huset sitt. Han ringte for å få trappeheis, i staden kom eit team av sjukepleiar og fysioterapeut og lagde eit treningsprogram til han. Dei tok frå han rullatoren og sette han i sving, resultatet blei at dei fekk ein aktiv og sprek pasient som fint klarte trappa sjølv.

Eit anna eksempel er betre og enklare oppfølging av kronisk sjuke. Bruk av ein app for folk med kols skal ha ført til ein fridomsrevolusjon.

– Pasientar som tidlegare heldt seg i ro innandørs om dei følte seg dårleg får no hjelp og motivasjon til å røra på seg. No er det fleire av desse som er ute og går og færre som besøker lege.

Å vera redusert, men leva godt

– Vi som stat ser òg at vi må ta eit større ansvar for å bygga opp kapasitet og kvalitet ute i kommunane. Det første vi gjer er å auka investeringsbudsjettet, men vi vil òg ha ein nasjonal standard, vi vil heva kompetansen og vi vil betra tilboda til dei med demens. Når vi vi held oss spreke og friske lengre, og nokre av oss får born i vaksen alder eller kull nummer to når vi er eldre, er det òg peronar som får demens mens dei framleis har småborn heime.

– Lever vi lengre så lever vi også ofte som svekka. Det må vi finna oss i, noko forfattar Per Fugelli seier mykje fint om. «Eg klarer meg bra = du har god helse». Om ikkje du er heilt frisk så får det vera, berre du meistrar livet ditt, at du kan leva godt som redusert, sa Bent Høie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.