Lokal | 17. apr. 2014

Kjempar om internasjonale idear

Området frå Os kai, via Vognhallen og Esso til Osbrua kan bli ei av få norske tomter i verdas største arkitektkonkurranse, Europan.

Kjempar om internasjonale idear
Frå Peppes til Osbrua, inkludert Vognhallen og Os stasjon, og grøntområdet utanfor Irisgården, er eit område som kan bli sett på av mange unge, internasjonale arkitektar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. apr. 2014 07:30

Under den årlege frukosten med næringslivet i Oseana fortalte ordførar Terje Søviknes kort om dialogen med arrangørane av Europan.

I førre veke var Os representert på møte i Bergen om aktuelle område i Hordaland.

– Det er eit nålauge å koma gjennom, men det er også fleire element med dette området som gjer tomta interessant for arkitektane, seier Søviknes.

– Men det er kostnadar knytt til deltakinga og vi skal ha saka opp i formannskapet, der vi vil diskutera om vi skal søka om å få bli del av årets Europan.

Dette er Europan

Europan blei etablert som ei stifting i 1989 i Paris, i protest mot den etablerte byggebransjen. Konkurransen ville at dei unge skulle delta i å forma fremtida, og er i dag den største arkitektkonkurransen i verda for arkitektar under 40 år.

Europan Norge blei etablert i 2002.

• Blir arrangert parallelt i 20 land og i over 60 byar i Europa
• Fleire tusen forslag til løysningar kjem inn
• Fører til innovasjon i arkitekturfaget
• Dei norske tomtene er ofte blant dei mest populære
• Tidlegare Europan-konkurransar i Noreg har leia til bygge- og reguleringsoppdrag i Oslo, Hamar, Tromsø, Stavanger og Trondheim

Vil ha med Vognhallen og Os stasjon

I utgangspunktet er det terrenget nærmast sjøen, frå Osbrua med parkeringsplassar, bensinstasjon til og med Peppes Pizza, Søviknes presenterte til representantane for Europan.

– I moglegheitsstudiet frå Asplan Viak var det skissa inn bustadar her, som del av bustad-draget.

– Gjestebrygga har vi hatt stor glede av sidan var var ny i 1992. Men dette er eit sentrumsområde med mykje asfalt, noko som også er med på å gjera det naturleg å tenkja nytt for denne delen av Os.

Og det er nettopp dette med tranformasjon til nytt bruksområde som gjer tomta interessant for Europan.

– I tillegg fekk vi signal om at Vognhallen og Os stasjon bør med i eit eventuelt oppdrag. Dette kultur-elementet gjer det ekstra spennande for arkitektar.

Også grøntområdet og fjøra og svaberga utanfor Irisgården kan bli tatt med.

Blir Esso med?

Os kommune eig tomta nærmast Osbrua og der Peppes leiger. Vi har tidlegare fått høyra at eigedomane til Esso ikkje er like enkelt å omdisponera.

– Esso-stasjonen kan bli verande, og det kan samtidig skje mykje spennande og nytt med tomta deira, med bustadar over og rundt stasjonen.

– Vi vil naturlegvis i dialog med Esso. Som eit ess i ermet har vi Lyseparken, nytt næringsareal strategisk plassert ved E39.

– Men vi kan også utvikla området rundt utan at dei er med.

2 x 500.000 kroner

Diskusjonen om Os kommune skal jobba vidare for å søkja om å få området inn i Europan skal bli tatt i Os formannskap.

– På møtet i Bergen, som var i regi av fylkeskommunen, var det invitert eit knippe aktuelle kommunar. Fleire store byar i Noreg og enkelte mindre kommunar blir blant søkjarane til Europan.

– Då får mange unge idear frå mange arkitektar når du deltar. Men det er ikkje gratis.

Europan skal ha ein million kroner per deltakar.

– Fylkeskommunen har sagt at dei dekkar halvparten, så det blir for Os kommune i så fall 500.000 kroner å betala for ei eventuell deltaking, seier Terje Søviknes.

Les òg: Skal teikna nye Osøyro

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.