Sport | 22. okt. 2015

Klar for tippeligaen igjen

– Det er deilig å vera tilbake der vi skal vera, seier Fredrik Heggland, som snart er tilbake på nyopprykka Brann etter kneskaden.

Klar for tippeligaen igjen
Fredrik Heggland er snart i full trening igjen og ser fram til oppkøyringa mot ein ny sesong i tippeligaen for Brann (foto: Wim Hetland)
Andris Hamretorsdag 22. okt. 2015 08:33

Fredrik Heggland har ikkje fått bidratt så mykje som han skulle ha ønska i snuoperasjonen Brann og trenar Lars Arne Nilsen har vore gjennom denne hausten.

Heggland fekk ein alvorleg kneskade i oppgjeret mot Åsane, Simen Lassen og Vegard Leikvoll Moberg i juni.

– Det går på fram og eg er nok tilbake i full trening om ikkje så lenge. Det er klart det er kjipt å ikkje ha fått vera med i haust, men no er vi tilbake der vi skal vera.

Gjekk glipp av festen

Ikkje berre har han gått glipp av spel i haust, men òg opprykksfesten på Brann Stadion onsdag kveld.

– Eg har lagt sjuk nokre dager, så eg fekk diverre ikkje vore der nede i går. Men eg har hatt litt kontakt med nokre av gutane og forstått at stemninga var god, fortel Heggland.

– Korleis ser dei på dei to siste kampane mot Nest Sotra og Hødd no når opprykket er sikra?

– Det er ikkje snakk om å legga seg nedpå berre fordi vi no er klare. Vi går for seks poeng på dei to siste kampane og ein god avslutning på sesongen.

To år igjen av kontrakten

Sjølv om han ikkje har fått vist seg særleg fram for nyetrenaren har han ro på sin eigen situasjon i klubben.

– Det blei jo berre éin omgang på meg med Lars Arne Nilsen på benken, men eg har to år igjen av kontrakten og held meg til det.

– Har du snakka noko med Nilsen om di eiga framtid?

– Nei, for meg handlar det no om å koma i best mogleg form fram mot oppkøyringa som byrjar i januar, og å få ei så god oppkøyring som mogleg, så får vi ta det derfrå, avsluttar Fredrik Heggland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.