Kultur | 14. juni 2017

Marknad, musikk og Wibit

Oseana varmar opp til bryggedans med kunsthandsverksmarknad og konsertar. Det er òg klart at det blir hinderløype på fjorden i Mobergsvikjo!

Marknad, musikk og Wibit
Old Times Bigband spelar på Oseana laurdag (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 14. juni 2017 12:05

For andre året arrangerer Oseana kunsthandverksmarknad inne i Oseanasalen.

– Det kjem 15-16 kunsthandverkarar med alt frå glass, keramikk og porselen til smykker, vesker og tekstiler, fortel marknads- og kommunikasjonsansvarleg Veronika Søilen Halhjem frå Oseana.

Musikalske heltar

Men det er ikkje berre i storsalen det blir oppvarming til bryggedans seinare på laurdagen.

– For andre gang får vi også med oss Old Timers Bigband. Det er røynde musikalske heltar frå Os med primus motor Nils Midtseter på trommene som inviterar til storband-konsert.

– Første gang dei gjorde det, var på den einaste junidagen i fjor kor vi hadde det surt og kaldt då dei spelte ute på terrassen. I år blir det ein ute/innekonsert i foajeen, kor vi veit ein sit godt og varmt, men samstundes får uteopplevinga av å sjå utover Bjørnafjorden. Det kjem til å bli ein kjempetøff konsert med vokalinnslag frå Marita Moe Sandven og Jan Haaland.

Musikalske aspirantar

Men det er ikkje berre dei røynde musikarane som skal få sleppa til under Oseanamarknaden.

– Det er veldig kjekt at vi også får med oss juniorane og aspirantane frå Os skulekorps til ein minikonsert. Det trur eg kan bli kjempekjekt, seier Halhjem.

Det blir hinderløype i vikjo

Som Midtsiden skreiv tidlegare i veka, planla Osbadet å ta med seg Wibiten til Vikjo, men dei var litt usikre på vêret.

– Eg håper det blir brukbart vêr og at Osbadet kjem, slik at det blir den familiedagen vi har tenkt det skal bli, avsluttar Halhjem.

Og Halhjem kan ta det heilt med ro. Osbadet kjem med hinderløypa.

– Sjølv om ikkje temperaturen ser ut til å bli allverden, så ser resten av vêrmeldinga grei ut. Vi har difor bestemt oss for at vi tek med oss hinderløypa og kjem på laurdag. Vi køyrer på. Dette blir knall og kjempegøy, seier Jon Sivert Rykkel frå Osbadet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.