Næringsliv | 14. apr. 2018

Russehuset UB talte til NHO

Den beste ungdomsbedrifta i Hordaland delte ideane sine under NHO Vestlandet sin årskonferanse.

Russehuset UB talte til NHO
F.v.: Lars Hadler-Olsen, Vegard Strønen Skeie, Alexander Tøssebro og Harry Moore på scenen på Scandic torsdag ettermiddag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. apr. 2018 08:42

«Verdien av arbeid» er temaet for årskonferansen til NHO. Korleis få flest mogleg i jobb? Korleis kan vi sørgja for at bedrifter utviklar seg og veks så dei skaper og tar vare på arbeidsplassar?

Torsdag hadde NHO Vestlandet sin årskonferanse, den blei arrangert på Scandic Flesland i samarbeid med NAV, Hordaland Fylkeskommune, Sparebanken Vest og Innovasjon Norge.

NHO-president Arvid Moss ønskte velkomen, blant talarane var Pål Molander, direktør Statens arbeidsmiljøinstitutt, Torill Helene Tveito frå Uni Research og arbeids- og velferdsdirektør, Sigrun Vågeng.

Og dei fire ungdomane Lars Hadler-Olsen, Vegard Strønen Skeie, Alexander Tøssebro og Harry Moore frå Russehuset UB, alle elevar frå andre trinn på Os Gymnas,

Bakgrunn:

Med Russehuset UB vil dei fire ungdomane utfordra dei to største forhandlarane av russeutstyr i Noreg, to firma med same eigar, ein monopolsituasjon som kan ha godt av konkurranse på både pris og service, ifølgje dei unge gründerane.

I mars blei dei kåra til beste ungdomsbedrift i Hordaland, i etterkant har dei fått 40.000 kroner i støtte til ny nettbutikk. Støtta kom frå Etablerersenteret.

I slutten av april skal Russehuset delta i NM for ungdomsbedrifter, torsdag var det på plass på NHO sin årskonferanse.

Presentasjon og spørsmål

Lars Hadler-Olsen, Vegard Strønen Skeie, Alexander Tøssebro og Harry Moore gjekk på scenen på Scandic torsdag ettermiddag.

– Det var stort å få delta på ein konferanse som denne! Vi presenterte ideen og arbeidet vårt så langt. Etter foredraget fekk vi nokre spørsmål, fortel Vegard.

– Kva la de vekt på i presentasjonen?

– Etter at vi hadde fortalt om ideen fortalte vi ein del om korleis vi har etablert eit samarbeid og eit nettverk med etablert næringsliv, korleis vi har jobba for å førebu oss på produksjon og sal.

– Vi fekk spørsmål om kva vi såg på som verdien av arbeid og vi fekk fine tilbakemeldingar. Eg føler at vi blei tatt seriøst, og det å delta her gav oss god øving til vi skal visa oss i NM for ungdomsbedrifter.

Nær lansering

Russehuset UB siktar seg inn mot lansering til sitt eige russekull, dei som er avgangselevar om eit år, og som skal bestilla russedress og anna utstyr til hausten.

Men dei har ambisjonar om å vera i drift og å veksa i åra som følgjer.

– Om ikkje så lenge startar produksjonen av dei første russedressane våre. Vi ønskjer både å få inn demovarer og å halda eit visst lager, så vi får sendt ut dei første bestillingane raskt.

– Kva skal vera Russehuset UB sin styrke?

– Vi vil vera god på pris og vi vil gjera det enkelt. Russehuset UB skal selja gode russeklede, gjerne genser og jakke med ferdig trykk og emblem til kvar bil, men ikkje alt mogleg anna tilbehør som ikkje er relevant.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.