Sport | 23. jan. 2016

Sa seg opp i Lysekloster

Tim Henrik Sperrevik blir likevel ikkje del av trenarteamet til den nybakte Oddsenliga-klubben.

Sa seg opp i Lysekloster
Tim Henrik Sperrevik, som tidlegare har trent Os, skulle i utgangspunktet vera del av trenarteamet til Lysekloster i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. jan. 2016 09:21

I november blei det kjent at tidlegare Os- spelar og -trenar Tim Henrik Sperrevik var engasjert av Lysekloster IL som trenar for A-laget saman med Thomas Sandal.

Dette blir likevel ikkje noko av.

– Eg har sagt meg opp, seier Tim Henrik til Midtsiden.

– Like greit å seia ifrå med éin gong

Han var tenkt å leia mykje av arbeidet på felten mens Thomas skulle inn også i andre roller i klubben.

– Oppgåvene blei ikkje heilt slik eg hadde sett for meg. Det er ingen konflikt mellom meg og andre i klubben, men når eg kjenner at grunnlaget for min motivasjon ikkje er som det bør vera så er det like greit å seia ifrå med èin gong, i staden for å dra det med seg utover i sesongen, seier Sperrevik.

Han erstatta Tore Nielsen etter opprykket i haust. Nielsen var i utgangspunktet innstilt på å halda fram og har etter det Midtsiden kjenner til ikkje tatt nokre nye trenarengasjement.

Sperrevik har bestemt seg for ikkje å ta trenaroppdrag i år.

Blir ikkje erstatta med det første

Trenarkollega Thomas Sandal seier det har vore kjekt å ha med Tim, så lenge det varte.

– Han er ein fin fyr og eg synest det er like greit at han tok dette no.

– Vi har god tone og det er berre velstand mellom oss, seier Thomas.

Han seier det ikkje ser ut som om Lysekloster vil sjå etter ein erstattar med det første.

– Eg kjem heller til å trappa opp og vera meir på feltet. Vi har eit godt team rundt laget allereie, så får vi heller bemanna opp seinare, om vi ser at vi treng ekstra kapasitet.

Lysekloster spelte vinterens første treningskamp fredag kveld. Den enda med 1-3-tap for Nest-Sotra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.