Kultur | 04. feb. 2017

Sette ein spiss på årsmiddagen

Næringsrådet fekk både mat, musikk og standup i verdsklasse.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. feb. 2017 16:23

Bildeserie:

Silja D. Moberg og Inger Berit Bøyum presenterte meny og vin. (Foto: KVB)
Silja D. Moberg og Inger Berit Bøyum presenterte meny og vin. (Foto: KVB)
Kortreiste råvarer: Ammekalv frå Bøe. (Foto: KVB)
Kortreiste råvarer: Ammekalv frå Bøe. (Foto: KVB)
Steppin' Out - med Steinar Lyssand på gitar. (Foto: KVB)
Steppin' Out - med Steinar Lyssand på gitar. (Foto: KVB)
Kraftkar frå Tingvoll - tidenes beste ost - i verda! (Foto: KVB)
Kraftkar frå Tingvoll - tidenes beste ost - i verda! (Foto: KVB)
1 av 4

VIDEO: Sjå 10 minutt av Helgesen sitt standupshow - med cirka eitt minutt musikk av Steppin' Out i kvar ende av filmsnutten.

Fredag var det foredrag, årsmøte og årsmiddag med Os Næringsråd.

• Les òg: Seks nye i næringsrådet sitt styre

Middagen starta med ein presentasjon av menyen, ved kokk Silja Døsen Moberg frå Osøyro Kolonial, og av vinane, ved styremedlem i ONR, Inger Berit Bøyum.

Silja fortalte om kortreiste råvarer, som sjøkreps frå Nordhordland, løk frå Hegglandsdalen, ammekalv frå Bø - og om osten «Kraftkar» frå Tingvoll, i fjor kåra til både verdas beste ost og til tidenes beste ost i verda.

Bøyum, som er dagleg leiar hos Vitaltour i Hamnevegen kunne fortelja om «kort-kjøpt» vin frå Polet tvers over vegen - produsert i Frankrike og Italia.

Med innleigd høgrehand

Før og etter servering var det musikk ved bandet Steppin' Out, som var nytt i fjor.

– Eg fekk songtimar i gåve hos Rigmor (kona Rigmor Sletnes) til 70-årsdagen, fortel Jan Haaland.

Etter at han heldt ein liten konsert heime, for 40 venar, saman med instruktøren Kristine Bjånes, blei det eit band av det. Men Knut Vidar Garlid (tangentar), Arne Hernes (bass) og Nils Midtseter (trommer) var ikkje nok i går - Haaland har operert høgrehanda og måtte legga gitaren igjen heime.

Steinar Lyssand var hyra inn på seks-strengaren og varta opp med fleire fine soloar. Bandet blei klappa inn til eitt ekstranummer, og forsøkt manipulert til å ta ei bonuslåt nummer to, men då var det natt.

Ny solo-standup av Helgesen

Under årmiddagen i fjor var revyskodespelar og tekstforfattar Thomas Helgesen engasjert for å sprita opp stemninga.

Helgesen debuterte som standupkomikar med dette showet (sjå video).

I går var han tilbake - og showet handla om alt frå Donald Trump og Marie Bruarøy til Liv på Øyro og støy frå Solsiden.

Thomas Helgesen er i desse dagar med på å planlegga og øva til årets revy med revygruppa Nor og Ne, den tiande i rekka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.