Siger og fallande odds
Lysekloster avslutta i helga treningsleir i Tyrkia med suveren siger. Samtidig faller oddsen på årets favorittar.
Bildeserie:
Før jul delte Lysekloster og FK Haugesund 2 favorittstempelet hos bookmakarane. Det gjer dei ikkje lenger.
– Vi merkar at kundane våre trur på Lysekloster og har også notert at dei har sett sterke ut i vinter, seier marknadssjef Daniel Vassbund frå speleselskapet NordicBet.com.
Opprykksoddsen starta på 3.15 i odds for begge to, men no gjev Lysekloster-opprykk berre 2.10 i odds, mens FK Haugesund sitt andrelag gjev 4.25 i odds.
– Det blir nok mellom desse to at opprykkskampen står. Vi har vanskeleg å sjå at andre skal blanda seg inn, men vi har Øystese, Lyngbø, Varegg og Os som outsidarar bak toppduoen, seier Vassbund.
Oddsen på desse er 8 på Øystese og 10 på dei tre andre outsiderne.
Avslutta treningsleir med siger
I helga kom Lysekloster-spelarane heim frå treningsleir i Side i Tyrkia, der dei blant anna har spelt to treningskampar.
Torsdag tapte dei 1-2 for sveitsiske SC Brühl (mål av Ramo Racic), laurdag vann dei heile 5-1 over 4. divisjonslaget Lura frå Rogaland.
Ramo Racic skåra igjen då han gav Lysekloster 1-0-leiing. Lura utlikna, men så blei unge Magnus Sandvåg bytta inn, og han gav Lysekloster leiinga igjen.
Joakim Hovden sette inn 2 av dei 3 neste, Kim Kleivedalen sette inn eitt i mellom dei to Hovden-måla.
– Vi lykkast veldig godt med å finna og utnytta dei romma vi ønskjer, og kunne ha skåra endå meir om vi var litt meir presis på siste tredel av banen.
– Men vi var flinke til å vera tålmodige og dei siste 20 minutta var motstandarane fullstendig kjørt. Dette blei ei strålande avslutting på ei flott treningsveke, seier trenar Torbjørn Birkelund.
Lysekloster: Henrik Mjelva (Chris Sunde 72), Sindre Jacob Råheim (Joakim Hjelmeland 45), Steffen Finsådal (Lars Henrik Skage 54) , Preben Skorpen (Preben Borgen 45), Mattias Høiland, Simen Birkelund, Johannes Jordal, Martin Eidsvik, Alexander Nordvik (Magnus Sandvåg 45), Ramo Racic (Kim Kleivedalen 45), Joakim Hovden
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.