Næringsliv | 05. des. 2016

Skal Esso Os bli Deli de Luca?

I Noreg har 65 Esso-stasjonar blitt Deli de Luca. Kva er planen for Os?

Skal Esso Os bli Deli de Luca?
Esso ved Vestkanten i Loddefjord er blant dei i Hordaland som har fått Deli de Luca-kiosk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. des. 2016 09:32

Bildeserie:

Deli de Luca har eit større utval av mat. (Foto: KVB)
Deli de Luca har eit større utval av mat. (Foto: KVB)
... og gode sitjegrupper. I dag blir Esso på Voss til Deli de Luca. (Foto: KVB)
... og gode sitjegrupper. I dag blir Esso på Voss til Deli de Luca. (Foto: KVB)
1 av 2
Deli de Luca har eit større utval av mat. (Foto: KVB)
... og gode sitjegrupper. I dag blir Esso på Voss til Deli de Luca. (Foto: KVB)

Fleire Esso-stasjonar i Noreg har dette året blitt bygd om med fleire sitjegrupper og Deli de Luca sitt store utval av mat.

– Vi starta med seks stasjonar på Austlandet i vår, og det blei veldig godt mottatt, fortel distriktssjef Eivind Fagerhus frå Norgesgruppen.

Stasjonane held fram med sal av drivstoff, bilvask og bilutstyr, men får eit større utval innan både varm og kald mat - også sunnare alternativ.

Framtida til Esso Os er ikkje bestemt

I bergensområdet har tre Esso-stasjonar fått kiosk/butikk bygd om til Deli-konseptet.

I dag opnar Esso Voss som Deli de Luca, kva med Os?

– I første omgang har vi 65 stasjonar i Noreg på lista, og desse er vi ferdige med no før nyttår.

• Les òg: Einige om Esso-tomta

– Det er førebels ikkje bestemt noko endring for Os sin del, men vi er i ein fortløpande evalueringsprosess, så det er mogleg det blir endring også på Os med tida.

– Os er ei flott bygd og stasjonen i Os sentrum ligg veldig fint plassert, seier Fagerhus.

• Les òg: Statoil-stasjonane skiftar namn

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.