Os Musikkforening er berre ein av dei lokale aktørane som spelar i Oseana i nær framtid (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tett i tett med lokal kultur

Heile seks lokale kulturaktørar inntek Oseana med urframføringar, plateslepp, konsertar og show i løpet av ti dagar.

Av: Andris Hamre

Det lokale kulturlivet blomstrar, noko dei ti dagane frå 25. mars til 6. april bør vera eit prov på. Då inntek nemleg heile seks ulike lokale aktørar Oseana kunst- og kultursenter med sine konsertar og show.

– Oseana skal vera både eit lokalt, regionalt og nasjonalt hus, men eg skal innrømme at eg synest det er ekstra kjekt når lokale aktørar bruker huset, seier direktør Ole Tobias Lindeberg i ei pressemelding.

Avgårde med ny musikk frå Gullkysten!

Først ut er Session Studio O på Haugland, kor komponistar gjennom vinteren har jobba fram nye verk gjennom prosjektet Glenn Erik Haugland starta for nær to år sidan

Haugland og Session Studio O sitt arbeid med nye komponistar har blitt lagt merke til nasjonalt og nyleg mottok Haugland Oddvar S. Kvam sin komponistpris for arbeidet. I tillegg fekk prosjektet tidlegare i vinter 250 000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB

Laurdag 25. mars vil komponistane Tonje Hernes, Jone Kuven, Maja Bugge, Amund B. Vaage, Anne Goro Tronsmo Haugland, Inga Mei M. Steinbru, Norvald Kobbeltvedt, Ragnhild Tronsmo Haugland, Aasmund Brekke og Glenn Erik Haugland få urframført verka sine.

HM Johnsen - Releasekonsert

Hans Marius Johnsen stiller med tre musikarar, tre kordamer, sju gitarar, eigen gitartekniker og lydmannen til Aurora når han seinare same kveld inviterer til plateslepp for debutalbumet «Chased». Verd å merka seg er at Jone Kuven som får urframføring på verket sitt under Session Studio O sitt arrangement, i starten var bassist for Johnsen.

Les òg: HM Johnsen sin tropp til platesleppet 

Førebur seg til NM

Tradisjonen tru inviterer også i år Os Musikkforening (som speler i 2. divisjon) til før-NM-konsert i Oseana. Med seg på konserten får dei venekorpsa Skjold Nesttun Janitsjar (1.div), Alvøens Musikkforening (1.div). I tillegg er dei strålande og dyktige ungdommane i Os skulekorps gjestar på konserten. Dei tre korpsa som skal til NM i Trondheim vil presentera stykka dei skal spele i NM for heimepublikummet tysdag 28. mars.

Barn av regnbogen

Allereie dagen etter, den 29. mars, er detomlag 200 elevar frå Hegglandsdalen, Strøno og Søre Øyane barneskuler som skal i sving i framsyninga «Barn av regnbogen». Skuleprosjektet er under leiing av Terje Neset og Anne Leni Søfteland Sæbø og handlar om mellommenneskelege forhold, venskap og leik.

Grease med Os ungdomsskule

Kven kjenner ikkje den sprudlande og fartsfylte musikalen «Grease» som fekk sitt store gjennomslag som spelefilm med John Travolta og Olvia Newton-John i hovudrollene. No er det elevane på sal- og scenegruppa ved Os ungdomsskule som torsdag 6. april, skal ikle seg rolla som Sandy, Danny og resten av gjengen på "Os skule".

I mellom dei to skuleframsyninga er det også ei tredje skule som vitjar Oseana. Elevar frå Kongshaug Musikkgymnas avsluttar nemleg vårens rekke av Jazzkafear laurdag 1. april.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Finvêret held fram

20. juli 2017

I kveld skal det bli 27 gradar. Dei neste seks dagane ser heller ikkje så verst ut.

bilde-midtsiden

Yrande liv

19. juli 2017

Det tok ikkje lang tid før folk strømma ut og til stranda. Del din sommar på Instagram: #mellomfjordarogfjell

bilde-midtsiden

Notabene blir ARK

19. juli 2017

Frå torsdag finn du ikkje lenger Notabene på AMFI Os. Bokhandlarkjeda ARK har nemleg kjøpt butikken på Os, som ein av 24 i landet.

bilde-midtsiden

Innbrot i barnehage

19. juli 2017

Politiet har gode spor etter innbrot i ein privat barnehage natt til onsdag.

bilde-midtsiden

Mykje stygg køyring

19. juli 2017

Politiet melder om mykje stygg køyring tysdag. Mann i 50-åra tatt utan førarkort.