Tok ein piruett for toget

Sjå 17. maitoget i Lysefjorden - filma frå drone.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Osbygda feira i går 17. mai i strålande sol! Sjå bildeserie frå toget , urframføring av Bente Bratlund sin versjon av «Ja, vi elsker» og fleire direktesendte videoar på Facebook.com/Midtsiden.

I Lysefjorden var Mats Engelsen, som jobbar hos Varde Solutions, i lufta med ein av dronane.

Etter opning og tale ved André Marton Pedersen i ruinane klokka 13, gjekk toget via Buena til Lysekloster barneskule med avmarsj klokka 14.

Engelsen filma toget på delar av turen. Då toget passerte Buena kom det ein aldri så liten hyllest frå fjorden. Ein som hadde valt å ta delar av nasjonaldagen i båt, tok ein piruett på den blikkstille fjorden.

Feiringa heldt fram med leikar på skuleplassen frå klokka 15.

• Les òg: Sånn feira osingane ute i verda (med bilde frå blant anna Filippinene, Japan og Dubai)

Midtsiden kjem med meir frå feiringa i går, både video frå Kyrkjeflaten og frå jazzen i Oseana.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Sanner vitjar gründerparken

29. mai 2017

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) kjem tysdag til Os for å møta og læra av gode gründerar.

bilde-midtsiden

Populær kulturvandring

29. mai 2017

Publikum fekk både kulturelt og historisk påfyll då festspillene vitja Os med «Nordvegen».

bilde-midtsiden

Rekordrask opptur

28. mai 2017

Det blei nye rekordar både i dame- og herreklassen i Linken Opptur søndag. Éin deltakar tok like greitt åtte (!) fjell på ein dag.

bilde-midtsiden

Vil selja Ole B

28. mai 2017

Familien Søviknes vil selja både drifta og eigedomen på Buena i Lysefjorden.